På hjul med Tiril

Idrettsprisvinneren fikk dikt i gave.

DIKT: Sjefredaktør og administrerende direktør Kjell Rune Henriksen fremførte og overrakte diket «På hjul med Tiril» til prisvinner Tiril Jørgensen. 

sport

På hjul med Tiril

Du tenkjer nok ikkje på det når du trør, når kjedet klatrar opp og ned på kransen.

At livet i seg sjølv er som å sykle: Du må holde farta oppe – for å behalde balansen.

Og kvifor køyre bil? Når du heller kan bruke tohjulingen. For det går jo like fort.

I alle fall hvis du heiter Tiril Jørgensen. Er råsterk i beina og driv med sykkelsport.


Hjula på sykkelen dei går rundt og rundt. Og i ein rasande fart dei går.

Når du rykkjer og går i brot, konkurrentane mister motet. Dei får sure lår.

Du veit at vegen er lang. At den tek svingar og somme tider går bratt opp.

Men du let deg ikkje stagge. Andre vert matt, du trør watt – og synest det er topp.


Born to ride. Født til å sykle. Ja, hadde det berre vore så enkelt som så.

Nei, du. Ta berre ein gløtt i treningsloggen til ho Tiril. Og så skal du få sjå.

At sykling er mykje meir en Shimano, Campa og kostbart stæsj for snobben.

Utstyret er av liten verdi. Det er kvinna bak styret som må gjere jobben.


Mil etter mil – etter mil, song han. Fekk null poeng og havna sist i ein contest.

Men du, Tiril. Du kjem øvst på lista. Og er bland dei i Noreg, som er aller best.

Siger i norgescupen. Og på landslagssamlingar du imponerer stort med FTP og O2.

Du bøyer deg ned i bukken. Vi bøyer oss i hatten. Vi er imponert – og seier BRAVO!


Ikkje kvil deg no. For du er ikkje sliten. Du har framleis eit stykke veg,

før du kjem heilt fram. Før du når det målet, du sjølv har sett deg.

Tråkk ned og dra opp. Taktfast. Om og om igjen. Da skal du snart få sjå,

at livet som sykkelproff er for sånne som deg. For du er tøff som få.