Av: Magne Leon Heide, leiar i Harstad og omland mållag.

Harstad og omland har gitt Kåre Torvanger ein lokal målpris med denne grunngjevinga:

Frå 2. juli 1985 til i dag har Kåre Torvanger skrive 255 reportasjar i Harstad Tidende. Dei fire første var på bokmål, men frå den femte reportasjen sin, 22. mars 1989, har Kåre brukt heimespråket sitt, nynorsk, i alle reportasjane sine.

Anmeldelsar av konsertar har vore Kåre sitt spesialområde. Han har skrive om internasjonale artistar, nasjonale artistar, men ikkje minst om alle dei lokale artistane. Det er særleg song og musikk i vid meining som har vore Kåre sitt felt. Han har skrive om alt frå barokk musikk til dagens rock. Men han har også vore innom andre felt, særleg det som skjer i kyrkjene våre.

Anmeldelsane har vore prega av ein vid fagleg bakgrunn. Kåre har lett late seg begeistre av det han har fått sjå og høyre. Ein sjeldan gong har han vore kritisk, og han har også vore kritisk mot publikum – når dei ikkje har sett si besøkelsestid til gode opplevingar.

Harstad kulturhus har vore hovudarenaen for anmeldelsane, men Kåre har besøkt både kyrkjer og andre arenaer. Og han har skrive om Festspela i Nord-Noreg (FINN) og andre festivalar.

Frå 1989 (var det då han fekk kamera?) har Kåre levert gode foto til anmeldelsane. Etter kvart har han utvikla eit auge for det gode bildet, og det har det blitt mange av. Kåre har også levert foto til andre journalistar sine reportasjar. Og han har også hatt fotoapparatet med seg på sine mange turar i marka rundt Harstad. Over 200 foto har fått plass i Harstad Tidende.

Kåre har også hatt ei god penn. Det er fornøyeleg å lese alle dei gode overskriftene han har brukt. Høyr berre på desse: «Flørtande dronningbier», «Herrar med potensial», «Swingande julegåve», og bokstavrim som «Gullstrupar med glimt i augo» og «Feiande flott feiring».

Kåre har vore viktig for å fremje kunstnarleg glede i lokalsamfunnet. Han har skapt gode bilde både i tekst og foto. Og ikkje minst så har han vore ein språkleg meister. Han har vist at nynorsk eignar seg på alle kunstområde. Vi er glade for dei 255 tekstane Kåre har produsert til no, og vi er viss på at han ikkje vil gje seg med dette.

Harstad og omland mållag vil med denne vesle påskjønninga takke Kåre og oppmuntre han til å halde fram med skriveria og fotografia sine.