Skrevet av: Viserektor Rikke Gürgens Gjærum, UiT Norges arktiske universitet. Leder for juryen til Ærekraftprisen.

«Sjølv den mørkaste natta vil ende, og sola vil stige» skreiv Víctor Hugo. La det vera rettesnora når me i dag markerer FN-dagen. Me lever i ei mørk tid. Me veit det. Det er som om eit teppe av tåkelagd eksos blendar blikket vårt for gode val. Likevel må me ikkje gi opp håpet.

FN-dagen blir feira over heile verda på ei rekkje samfunnsarenaer. Nett denne dagen skal markera det medlemslanda har fått til saman. FN-pakta tredde i kraft 24. oktober 1945. Den gong meinte ein at nøkkelen var samarbeid, openheit og aktivt samspel på tvers av land for å forhindra at råskapen frå andre verdskrigen skulle gjenta seg. Det har runne mykje vatn i havet sidan den gong.

Ein ny tid

Det er krig i Europa, nye maktalliansar på tvers av kontinent, kamp om korn og frykt for matvaremangel. Biologisk mangfald blir svekka, skogbrannar og hetebølgjer rår. Klimaendringar blir debatterte, ja både skeptikarane og aktivistane rører på seg.

Dette gir universitetet eit etisk ansvar for å utforska ulike handlingsalternativ for nokre av dei største samfunnsutfordringane våre saman med ei rekkje aktørar for å førebygge ein global katastrofe. Men tida begynner å bli knapp.

Berekraftmåla

FNs agenda 2030, også kjent som berekraftsmåla, er verdas arbeidsplan for å utrydda fattigdom og kjempe mot klimaendringane. Den krev ein inkluderande, nettverksbasert internasjonalt samarbeid for å få verda tilbake på rett spor. Den skisserer moglege løysingar for å handtera dagens krevjande situasjon for kloden.

Det er kort tid til 2030 og dei fleste er samde om at me ikkje vil nå dei høge måla som vart sette i 2015. Likevel må me arbeida for å skapa ei meir berekraftig verd – der me kan påverka, og verka i våre liv. I stort og smått.

Eit løft for Nord-Noreg

For universitetet er studentane vår viktigaste ressurs. Den menneskelege krafta. For det finnes ein drivkraft kraftigare enn damp, elektrisitet og atomkraft, det er den menneskelege viljen. Viljen til å bygge Nord-Noreg, landet og verda der naturen og kulturen bevarast og brukast i nye former - betre enn i dag.

Skal me finne tilbake til der det gror, der håpet er lysgrønt, lyt me sjå etter innovatørane, og gjerne med lupe. Det er det dei gjer i Harstad i dag. På sjølvaste FN-dagen. Ved Vågsfjorden fekk nokre av UiT sine studentar ein idé då dei tok studiet i Praktisk prosjektleiing: Kva om me lage ei konferanse for å æra dei som ærast bør? Ei berekraftkonferanse for å løfte fram dei som har gått i front, varsla endring og vist mot og dugleik. Konferansen så dagens lys. Gjekk frå idé til verkelegheit.

Ærkraftkonferansen

Nett i dag samlast innovatørar og bedrifter for å snakka om berekraftig næringsliv. Dei pratar om klima og miljø, økonomi og sosiale aspekt. På konferansen treffast innovatørane, entreprenørane og dei kommande leiarane. Så vel ungdommen blir vigd ekstra plass og får presenterer innovasjonsprosjekta og forventningane sine.

På konferansen deler dei til og med ut ei pris. Ei gjev ei: Ærekraftprisen, er namnet. Smak litt på det ordet som UiTs studentar skapte då dei kom på denne geniale, enkle, men likevel vanskelege øvinga: å få til samfunnsendring. Sjå på dei som gjekk fyrst og hyll dei, lær av dei og gå videre med dine små skitt. Ut i lokalsamfunna og ut i verda. Eg vil berre seie: Til lykkje alle vinnarane.