HARSTAD: Den hausta stor applaus og bravorop.

For her var det fart og rørsle mest heile tida. Vi fekk oppleve ei godt gjennomført forestilling som varierte i form, uttrykk og sinnsstemningar.

Koreografien sat godt med få pusterom for dei tre dansarane. Dei skifta mellom ulike form for dans, travel gange, akrobatikk i hopp, sprang og fantasifulle skulpturelle formasjonar. Det var imponerande kva dei fekk til. Publikum sat i grupper i ein halvsirkel slik at aktørane kunne bevege seg, danse, ligge, stå eller gøyme seg mellom og bak publikum. Ein ville få med seg alt, men det var ikkje alltid lett å velje kvar ein skulle sjå.

Doppler

Reint vitskapleg handlar gjerne Doppler om bølgelengder og ulik oppfatning av dei. Overført kan det handle om å vere på bølgelengde med kvarandre eller ikkje. Det kan jo føre til både fryd og gled eller triste og ømme sinnsstemningar. Slik kan ein forsvare tittelen på forestillinga.

Sjølv om ikkje eit ord var sagt, kunne ein lett skjøne eller ane kva dansarane ville ha fram. Gøymeleiken og akrobatisk tauhopping var morosam og vekte ekstra begeistring –ikkje minst for dei to svært unge jentene framfor meg.

Folkemusikk

Den nyskrivne og vakre musikken til Ragnhild Furebotten gav også tydeleg støtte og retning på stemninga. Den låg klårt i den danseglade bygdeslått og runddanstradisjonen med springarar og hallingar, men også med meir sarte og rolege tonar. Helge Andreas Norbakken på perkusjon følgde vakent opp og støtta dyktig både fela og dansarane i å få fram ulike stemningar. Begge var dels med i koreografien.

Kartellet er aktuelle som festspelprofilar så dette lovar godt for festen i juni!