Det skuldast ikkje minst at dei har fått med seg den erfarne dirigenten Paul McCreesh som spissa koret med fire songarar frå sitt eige ensemble, Gabrieli Consort. Paul McCreesh har dirigert store kor og kjente orkester ein rekke stader i og utanfor Europa. Og det merkast at han fekk koret til å yte på sitt aller beste.
Plateslipp med kulturskatt frå nord
Torsdag slapp Vokal Nord den sjette cd-en sin. Finnmarksoratoriet eller Der dagen er nattens bror er ein cd basert på tekstar av Laila Stien og musikk av Henrik Ødegaard.
Nokre hugsa kanskje at Vokal Nord var med å spissa framføringa av Carmina Burana med Musikklinjekoret ved Heggen tidlegare i vår. Det er eit godt prinsipp og no gjer altså Vokal Nord det same og får eit løft med topp songarar og dirigent frå England.