Plateslipp med kulturskatt frå nord

Torsdag slapp Vokal Nord den sjette cd-en sin. Finnmarksoratoriet eller Der dagen er nattens bror er ein cd basert på tekstar av Laila Stien og musikk av Henrik Ødegaard.

NY CD: Vokal Nord song smakebitar frå den nye cden ”Der dagen er nattens bror” som dei slapp i Festspel-lokala torsdag. 

kultur

Platesleppet skjedde i Festspel-lokala og passar fint inn i markeringa av 75-årsjubileet for Finnmarks frigjering. For cd-en omfattar sogene om kvener, samar og nordmenn i nord; om samane og livet på vidda og ved havet, pakta med naturen, om frårøvinga av språk og kultur og leitinga etter identitet og stoltheit i ei ny tid, om dei vonde krigsåra og evakueringa, og om brytingar med tradisjonen og det moderne livet.

Det var i 2001 at Laila Stien gjorde mange intervju med folket i Finnmark og Nord-Troms. Tekstane er basert på desse intervjua. Musikken til Ødegaard inkluderer eit knippe med læstadianske salmar, og melodiane er dels inspirert av desse. Både tekst og musikk tematiserer mangfaldet i folkegruppene.