Aggressiv intens og rå rock

Støperiet var ein perfekt arena for den islandske gruppa Agent Fresco med sin usminka, rå og industrielle rock.

ENERGI: Agent Fresco imponerte med ein konsert full av energi, blinkande flashshow og ein vegg av kraftig lyd. 

kultur

Full av energi, blinkande flashshow, ein vegg av kraftig lyd der medlemmane heile tida utfolde seg til tider vilt fysisk er ingrediensar på den medrivande konsert til Agent Fresco. Den vil henge lenge i minnet. Publikum var med frå første akkord. Men stemninga voks til eit skikkeleg høgdepunkt då vokalisten menga seg med publikum og vandra høgt og lågt i lokalet.


Anmeldelse: Situation Room

Kanskje den beste forestillingen jeg har sett på Festspillene

I vandring, undring og handling gjennom en gigantisk scene bestående av flere ulike rom er du skuespiller og publikum på samme tid.

 

Gruppa består av godt skulerte musikarar, noe som merkast både teknisk og musikalsk. Imponerande var det tette og intense samspelet mellom bass og trommer med gjennomgåande asymmetrisk og heftig aksentuerte og intrikate rytmer. Gitaristen står i front, men han er eit integrert del av det enorme lydbilde av tung metall. Men ikkje berre det. Her spelast det på både på techno og støy i det rytmisk innfløkte og klangleg varierte forløpet.