Duell og dødsens alvor

Høg kvalitet og god stemning  prega musikken i den fullsette konsertsalen i låven på Røkenes Gård.
kultur

Vi vart lova at det skulle bli « virtuost på låven», men kva slags program fekk vi først vite når musikarane stod på podiet. To verk komponert i samme år - 1824. Knut Erik har ein eigen kontaktskapande måte å presentere verka og komponistane på.  Det er jo fornøyeleg å vite noe om den fysiske tilstanden til komponistane då dei skreiv verka sjølv om det neppe har noe med utforminga av verka. Det er blitt eit varemerke for Contrasto – ein skyhøg kvalitet på musikken som blir presentert på ein hyggeleg, inkluderande og morosam måte.

Yess

Duett for cello og kontrabass av Rossini var det første verket. Det er ei uvanleg besetning og komponisten utfordra virtuositeten på begge instrumenta.