Publikum måtte vandra og vart ført gjennom teppeveggar mellom dei ulike arenaene. Konserten vart gjennomført to gongar denne kvelden.

Det er det Tromsø/Oslo-baserte kreative kollektivet North Of som har sett saman og produsert konserten. Perspektivet frå nord som er viktig for festspela å formidle, blir her til ei fin oppsetting der ulike miljø har utveksla erfaringar og stimulert kvarandre til å skape noe nytt. Det er det som er verdde sessions. Men det er eit urbant uttrykk som dominerer og det er rått og røft.

Se video fra konserten

Dei to namibiske rapperane gav Hip Hop og slampoesi til akkompangement av jazztrompet og videokunst på fleire skjermar. Ein vart gripen av storbyens atmosfære medan det det nære og trivielle dominerte på neste scene. Dette var scena som kommuniserte best med nordnorske dels morsomme tekstar til akkompagnement av den kreative gitaristen Kristian Olstad som vi hugsa frå den eksperimentelle konserten Leagus i fjorårets festspel. – Det er coolt å vere med på dette, låtane er aldri framført før og dei er laga like før vi skal på scena.

På den tredje scena akkompagnerte bandet Oh den islandske rapperen Aron Can. Her var det fleste på scena. Ohs urbane og noe melankolske uttrykk gav godt tonefølge til dei islanske tekstane. Den eksperimentelle videon dreia seg mye om artisten og vatn noe som truleg gav ein peikepinn om kva det heile handla om.

Denne spesielle konserten var produsert av North Of ved Frode Larsen, Ole Vuyo Småge, Poppa Lars og Magne Davidsen og på scena stod Eirik Fjelde, Jonas Karlsen, Morten Steene, Arnljot Nordvik i Oh og elles Eli, Aron Can, Kristian Olstad, Vuyo, MarkMushiva, Tom Ringsby, Kristoffer Eikrem og Frode Larsen.

Les mer: Poppa Lars tilbake i byen

Foto: Steve Nilsen
Foto: Steve Nilsen
Foto: Steve Nilsen
Foto: Steve Nilsen