Ein samarbeidskonsert mellom dei to kora var ein god og vellykka ide. For det merkast at dei jobbar etter dei samme ideala for korklang. Derfor vart det også ein konsert med skolerte songarar som formidla edel kormusikk i fleire kjente og ukjente perler som står seg for dei mest kresne øyre.

Det var knytt stor spenning til urframføringa av To the Wild av Arne Dagsvik. Komponisten sjølv dirigerte verket. Han har tonesett tekstar av alaskapoeten Sheila Nickerson. Vi fekk dei oversette tekstane i handa ved inngangen. Dei røpa vakre naturbilete og opplevingar i og av det ville alaskalandskapet.

I fem satsar vart det formidla ulike karakterar frå det monumentale, det meir glade rytmiske på blåbærplukking, meir innvendt camping i skogen, dansande gladsong i vedhoggerfamilien og meir feirande slutt, riktig nok med ein god porsjon ettertanke.

Heilstøypt

Det er eit heilstøypt verk der Dagsvik nytta klåre melodiar som ofte enda med eit krast dissonerande akkompagnement. Denne neoklassiske stilen gjennomførte han både for koret og hornkvartetten. Det er godt skrive for det er aldri slik at dei to gruppene overdøyver eller kjem i vegen for kvarandre. Det er meir ein dialog, kommentar og stundom ekkoeffektar.

Vox Arctica gav verket ei god formidling med stor dynamikk, presisjon og homogen klang. Dei hadde utfordringar nok å bite i, men kjenner eg Dagsvik rett er stemmeføringa lagt godt til rette for å greie det. Dei to solistane kom også godt frå det og fekk fram ein fin kontrast. Men på bakerste benk høyrdes sopranen stundom noe svakt. Av same grunn kunne kvartetten av og til høyres noe kraftig ut. Men det var svært effektfullt og vellykka å nytte noe så sjeldan som ein hornkvartett til å formidle ideane og dei ulike karakterane i verket. I romantikken høyrde horn og natur ofte saman. Ei førsteframføring treng ikkje vere den beste, men ei god rettesnor for vidare løft.

Gjestekoret Grex Vokalis har ein dirigent som er kjent for å skape god korklang. Carl Høgset starta koret og har dirigert det i over 40 år så mange har vore innom koret og blitt påverka av hans skolering – også koristar i Vox. Og det var ein nytelse å høyre kor homofont og balansert verka frå renessansen vart framført. Dei ulike temaene kom delikat fram i dei ulike stemmen slik som vokalpolyfoniens mestre har lagt til rette for.

Vakrast

Noe av det vakraste eg har høyt av kor kom likevel i to verk av den unge latviske komponisten Eriks Esenvalds. I den første, Stars, blei den vakre korklangen supplert med spel på glass noe som var med å gje komposisjonen eit statisk, sfærisk og lyst uttrykk.

Enda vakrare var Only in sleep der koret og ein lys sopran veksla mellom å framføre den enkle og fine melodien. Det var spesielt nydeleg når sopranen song obligatstemma. ”Det er ei gåve å vere vitne til noe så stort” heiter det i ein av songane. Dette blei mine ord også.

Damene og mange menn stilte i bunad så det gav ei ekstra estetisk oppleving i tillegg til vakre verk kledd i ein korklang av ypparste merke.

Dei to fellesnumra og ekstranumra bar preg av ein stor og fyldig korklang slik det best kom fram i Sing and Rejoice av Knut Nystedt. Neppe har vel dette stykket klinge så overveldande og jublande i denne kyrkja før.

Det er flott at eit lokalkor blir kobla til eit godt nasjonalt kor i festspela. Ei fullsett kyrkje viser at mange satte pris på det.

Les også: Nytt verk og kor i toppklasse

GLASS: Bruken av glassorkester er originalt og uvanleg, men gav ein fin effekt til ein latvisk song om stjerner.
SOLIST: Sigurd Magne Torbergsen som solist i To The Wild.
MEKTIG: Grex Vokalis og Vox Arctica i fellessong var ei mektig oppleving i Harstad kyrkje onsdags kveld. Her takkar dei to dirigentane for samarbeidet.