Folkemusikkpreget var eit berande element gjennom ein akustisk klang av fele, kantele og perkusjonens klokker og bjeller. Det heile var elegant sydd saman med glidande overgangar der jazz og rock elementa var meir framtredande. Det var vakkert og variert frå den enkle solosong eller felelåt til fullt trøkk med heftig perkusjon.

Dette var ein verdde session der musikarar utveksla erfaringar og let seg inspirere av kvarandre. Temaet var å utforske vinteren i ulike former. Ein ”Slapseblues” og ”Eit gammelt ord for snø” av Frida Onnevik fekk dermed sin plass i ei vellykka musikalsk utforming.

Se klipp fra konserten her

Den utprøvande folkemusikaren Erlend Viken stilte med tre feler. Hans bestillingsverk til Røros Folk Festival sette stemninga den første halvtimen. Her hadde han involvert jazzstjerna Ellen Andrea Wang på bass, vokal og den finske Maija Kauhanen på kantele og vokal.

Det varierte klang- og rytmebilde med folkemusikkens melankoli i botnen var noe ein kunne lytte lenge til. Men vi fekk også oppleve meir lystige rytmer. Konserten bar preg av svært dyktige musikarar og då må Marius Graff på gitar, vokal og Erland Dahlen på perkusjon også nemnast. I tillegg var det ei smakfull lyssettinga med video som reflekterte samspelet på scena.

Les også: Pulserande indietronic