Den russiske cellisten Alexander Bouzlov viste frå første tone at dette var ein som hadde kontroll over instrumentet sitt. Og vi merka oss straks ein varm, stor og fin celloklang. Så er det også ein utøvar som er etterspurd og har vekt merksemd ved å vinne mange internasjonale prisar sidan år 2000. Og han har jobba med det som er av kjente dirigentar i dag.

Går ikkje an

Han hadde med seg Nils Anders Mortensen på piano og saman gjorde dei ein fenomenal jobb. Med tanke på kor kort øvetid dei har hatt saman, går det nesten ikkje an å vere så samspelte. Det seier ikkje så lite om formatet til begge utøvarane.

Dei hadde lagt opp eit fint og ambisiøst program. Debussys cellosonate er full av fargelegging av klangen i celloen så vel som i pianoet. Den er rekna for noe av den finaste innan cellolitteraturen. Impresjonismens antydande melodikk, rytmikk og harmonikk gav seg ofte uttrykk i eit stort dynamisk og uttrykksmetta spekter. Stykket tar i bruk mange ekstremt vanskelege celloteknikkar i fargelegginga av klangen. Av den grunn er det rekna for eit svært teknisk krevjande stykke. Derfor var det imponerande at dei følgde kvarandre så uanstrengt og nedstressa og greidde formidle musikken så overlegent.

Krevjande

Det same kan seiast om både Schumanns Fantasiestücke og Prokofievs Sonate for cello og piano. Robert Schuman var ein som utvikla pianostemma og gav den etterkvart meir vekt. Den fine dialogen mellom dei to utøvarane i dette vakre romantiske stykket er noe komponisten opnar opp for. Ein merka seg fin bevegelighet i rytme og dynamikk ofte i eit luftig uttrykk.

Sonaten av Prokofiev var kanskje mest krevjande. Den var full av skiftande karrakterar, frå det djupe krasse alvor med stor musikalsk fylde til det barnslege, leikande og dansande. Men dei følgjer kvarandre elegant og uanstrengt i alle skifte frå dei mest halsbrekkande virtuose partia til den enklaste morosame dialog. Imponerande!

Enda meir russisk blei med ekstranummeret av Tchaikovsky: Pezzo Capriccioso for cello og piano. Vakkert og melodiøst, men også med ein virtuostitet som nesten tok pusten frå oss.

Ikkje bra

Det må vere lov å undre seg over kvifor ein cellist av verdensformat må ha konsert i eit mørkt, nedlagt forretningslokale med gamle pallar som bakvegg. Kvifor ikkje stille med byens beste lokale til dei beste?

– Vi er blitt kasta ut av Galleri NordNorge, sa Knut Erik Sundquist i introduksjonen.

Han hadde i år og i fjor ansvaret for dei klassiske konsertane under festspela. Lågt under taket og ikkje så eigna lokale i tillegg til at heller ikkje byens beste flygel vart nytta, gav konserten noe preg. Likevel var musikarane av eit slik format at musikken berørte som den skulle.

Bouzlov-konsert Foto: Kåre Torvanger
Knut Erik Sundquist Foto: Kåre Torvanger
Bouzlov-konsert
Bouzlov-konsert Foto: Kåre Torvanger