Representantar frå fleire våpengreiner i galla og fleire festkledde gjester i salen gav namnefesten eit verdige preg. Komikarkjendisen Espen Beranek Holm som konferansier sikra også ei hyggeleg atmosfære med sin morosame og treffande ordkunst. Han fekk fletta inn mye om korpsets historie og indre liv.

Samkøyrt orkester

Programmet var krevjande litt utanfor allfarvegen til eit musikkorps. Det var ikkje mindre smakfullt av den grunn med mange utfordringar både for solistane og for heile orkesteret.

Harstad var den siste konsertstaden på ein miniturné der også Bardufoss og Sortland fekk besøk. Og ein merka frå første nummer at orkesteret var godt trimma og samkøyrt. Det blei derfor ein konsert der orkesteret presterte på sitt aller beste. Det skuldast ikkje minst dirigenten, Hannu Koivula, som viste ein djup, bevisst og musikalsk forståing for dei ulike verka. Noko han fekk ut med ein tydleg og myndig kontroll over orkesteret. Til stor glede for publikum!

Marsj

Riktignok var det første nummeret, Nordlandstoner av Bjarne Olsen, utan dirigent –eller utan hjelp av ein vaksen, slik konferansieren uttrykte det. Det var ein spenstig marsj i godt tempo som sette ei god stemning. Ekstranummer var også ein marsj og konserten fekk dermed ei ramme med ein sjanger som nettopp er knytt til militærmusikk. For to år sidan urframførte korpset denne flotte og noe uvanlege marsjen av Stig Nordhagen. ”Brigade Nords Marsj – Vilje til seier” er dedikert til Brigade Nord og general Fleischer. Avslutningsmarsjen markerte dermed også Hærens musikkorps tette band til landsdelen og nettopp hæren.

Høgt nivå

Solistane var alle henta frå korpsets eigne rekker. Der er det mange å velge mellom og dei som slapp fram på podiet var særdeles godt budde og viste høg kvalitet. Maren Tjernsli framførte ein vakker sats av barokkokomponisten Tarini. Det gjorde ho på ein svært dyktig og stilsikker måte der korpsarrangement passa klangleg godt til piccolotrompetens høge register. Sameleis var John Plucker si framføring både sikker og teknisk overlegen. Den vakre og virtuose satsen frå Reinhold Gliéres hornkonsert er frå 1951 og i neoklassisk stil med klår romantisk påverknad. Ikkje minst i kadensen viste Plucker ein imponerande kontroll og demonstrerte instrumentets vide register og klang.

Debussys Premiére Rhapsodie for klarinett var opphavleg skriven for eit eksamensrepertoar og er ofte brukt til opptaksprøve for orkester. Det er såleis full av tekniske og musikalske utfordringar. Stine Lise Svenning meistra desse krava og den impresjonistiske stilen godt. Mellom den rolege og vage opninga og den trimferande avslutninga førte ho oss fram i eit tåkelagt og fargerikt landskap med mange melodiske innfall og temposkifter. Orkesterversjonen av dette populære verket vart framført for føste gong I 1911 same året som korpset vart stifta. Tilfeldig?...kanskje.

Fargerikt

Det var også mange solistiske innslag I dei spennande orkesterverka som stod på programmet. I Fanfaren av Paul Dukas var det messingblåsarane som var I vinden medan treblåsarane var meir framtredande I Rachmaninovs Symfoniske dans nr.1 - eit dynamisk kontrastrikt stykke med mykje tett samspel og mange fine soloprestasjonar. Khatchaturians kjente Sabeldans blei framført med ein voldsom energi – sjeldan høyrer ein den slik ! Bravo!

Energisk var det også I Tam O´Shanter av Arnold, men på ein annan måte. Her var det berre å halde seg fast og følge med I eit mylder av klangar og vekslande rytmer – frå det komplette kaos til dei flottaste harmoniar.

Kven som har arrangert dei klassiske stykka for korps var ikkje oppgjeve I programfaldaren. Vi opplevde fargerike arrangement som fungerte godt sjølv om strykeklangen var borte. I ein av dei tre satsane frå Ildfuglen av Stravisnsky kunne ein likevel merke at korpset sleit med å få dei spesiselle klangane til å smelte godt nok saman.

Sjøforsvaret og luftforsvaret har hatt sine korps. No har også hæren fått sitt korps. Felles for dei alle er at dei er viktige kulturbærarar , noe denne namnefestkonserten til fulle var eit eksempel på.

IMPONERANDE: John Plucker mottok applaus for ei sikker og overlegen framføring av ein virtuose sats frå ein hornkonsert.