Det er første gongen dette klassiske ensemblet besøker Europa. Den Montreal- baserte gruppa har vekt oppsikt på den nyskapande måten dei presenterer klassisk musikk.

Til å gje den klassiske musikken nytt liv har dei teke i bruk lys, scenografi og teknikk som er meir vanleg på rockekonsertar. Men på denne konserten var det lite å merke av det. Noe utover det vi vandt med frå lysfolka i Kulturhuset var ikkje dette.

Også staden for sjølve konserteringa er ofte utradisjonell. Fleire sjuke- og aldersheimar har hatt gleda av å få besøk av dei her i Harstad.  Tippar det var til stor glede og moro for dei som fekk oppleve dei på kloss hold.

Dyktige

Men først og fremst er dei ein gjeng dyktige musikarar som tør å tøye grensene og tenke nytt i framføringa av kjente klassiske stykker. Dei visste seg å vere svært godt samspelte. Samstundes la ikkje kvar enkelt av dei skjul på sin personlegdom i sceneopptreden og klesdrakt.

Det er ikkje noe nytt at klassisk musikk prøver sprenge grenser for å rekke ut til fleire. Angsten for at det skulle bli mykje jalla og svisker vart fort gjort til skammar. Programmet var ganske heavy med moderne komponistar som Shostakovich, Berio, Bartok, Schnittke og Ligeti. Ikkje minst viste dei ein kjærleik til Mahler ved å spele fleire arrangement av han.  Dei brukar også å spele eit stykke frå det landet dei har konsert i. Dei hadde funne ein Reinlender frå Sønndala (Sunnmøre)i eit artig arrangement av Dansk Strykekvartett.

Høgdepunkt

Dei hadde valt seg stykke som verkeleg kommuniserte. For meg var det eit høgdepunkt i Berios stykke. Der  var det  sitat frå dikt av Beckett og musikk av Mahler. Dette var uttruleg dyktig og presist framført. ”Keep going” ”Stop”! Ein tango av Piazzolla var også imponerande presis, mens det var litt rufs i opninga med Mahlers 1. Symfoni.

Monotont

Men stundom kjente eg på ein slags monotoni i klangen. Og spørsmålet er kvifor eit ensemble med berre strykarar treng å bli mikrofonert.  Det er flotte instrument som misser noe av sin klangvariasjon gjennom mikrofonen. Med å jobbe enda meir musikalsk med stykka utan mikrofonfilteret trur eg konserten ville vere enda meir tiltalande. For det stod ikkje på kvaliteten av musikarane. Alle stod dei fram med stor energi og entusiasme i solistiske innslag og var som sagt fantastisk samspelte.

Så forventningane til ein forrykande som i omtalen vart ikkje oppfylt. Det var heller ingen magi. Men at ny musikk kan kommunisere, det fekk dei ettertrykkeleg vist.