Anmeldelse:

Klang av sommar og kollaps

Det var lyst og varmt då den siste av Harstadseriens konsertar var halden før sommarferien. Berre ein av dei fem konsertane i serien måtte avlysast. Det er imponerande i ei så usikker tid.

FORNØGD. Sunniva Eliassen som arrangerer Harstadserien takka dei to organistane med blomster. Ho har all grunn til å vere fornøgd med sommaravslutninga 

nyheter

Sommarkonserten bar namnet sitt med rette. Den hadde ei uvanleg besetning. To trøorgel har eg ikkje opplevd før. Å finne repertoar for to harmonium må ha vore utfordrande. Men løysinga dei kom fram til, tok på ein utmerka måte omsyn til både sommartemaet og besetninga.

Harmonium - trøorgel, husorgel, pumporgel eller litt nedsettande ”salmesykkel” hadde sin glansperiode mellom 1850 og 1950. Det var mange som hadde eit slikt instrument og det vart ofte betrakta som eit erstatningsinstrument.