Sparka kulturåret i gong med heve glass fylt av cava eller prosecco

Per Sundnes sette absolutt sitt preg på årets Nyttårskonsert. Hans folkelege måte å presentere klassisk musikk på, fekk fram ei god feststemning.
nyheter

Men først og fremst presenterer Hærens musikkorps eit festprogram frå øverste hylle. Den ettertrakta dirigenten Peter Szilvay får det beste ut av korpset og med seg har han ein diva av ein mezzosopran. Kona Ingeborg Gillebo var ei fryd å oppleve. Ein merka straks at dette var ei stor stemme. I dei første nummera av Donizetti fylte ho salen utan hjelp frå mikrofon. Det er som på dei store operascenene i utlandet. Og ho har vore på mange av dei. Per Sundnes trakk fram dei mest prestisjetunge, på Metropolitan Opera i New York og operaen i Bayreuth i Tyskland. Ho vekte stor begeistring då ho sparka av seg skoa og delte ut roser til publikum. Dette medan ho song den kjente og fyrige «Meine Lippen, die küssen so heiss» frå «Musikalische Komödie» Giuditta av Franz Lehár.


Nyttårskonsert med operatoner

Søndag ønsket sopranen Eli Kristin Hanssveen sammen med sekstetten ”Arctimus” det nye året velkommen.


Carmen

Tematisk er forbindelsen mellom Giuditta og Carmen kort. Og musikk frå Bizets «Carmen» fekk god plass på konserten. I mai og juni vil Ingeborg Gillebo kle tittelrolla på Den Norske Opera & Ballett. Det er noe å sjå fram til, for framføringa av «Habanera» frå nettopp «Carmen» blei etter mi meining eit av dei store musikalske høgdepunkta på konserten.