Meninger:

Det er ikkje noko likskapsteikn mellom samanslåingar og spareeffekt

Sentraliseringsiveren til regjeringa vil ingen ende ta. No er det domstolane som skal til pers, og det så raskt som råd.

  Foto: Theodor Karlsen

nyheter

Regjeringa burde gjera seg ferdig med politireforma og få kontroll på den etaten før dei bryt seg på nye, store sentraliseringsprosjekt.

Regjeringa sette i 2017 ned ein domstolkommisjon, og gjorde det tydeleg allereie i mandatet at talet på domstolar skulle ned. Sidan har regjeringa framskunda den delen som gjaldt struktur til 1. oktober i år, slik at denne no er lausriven frå resten av analysen som kjem i 2020. Regjeringa forhindra stor politisk debatt om saka i ein valkamp ved å vente til etter kommune- og fylkestingsvalet, men samtidig har dei god nok tid til å gjera drastiske endringar før stortingsvalet i 2021. Det å unngå debatt før val slik er ikkje den mest sympatiske måten å styre landet på.