I to avdelingar i til saman 8 timer steig den eine kjente Nordnorske jazzartisten fram etter den andre. Sjeldan har så mange sentrale jazzartista stilt på samme scene.
Først var det helsingar og overrekking av blomster. Anita Overelv frå Nordnorsk jazzsenter overrekte blomster til styret i Nordnorsk jazzforum. Dei fekk også blomster og helsing frå Ingrid Brattset frå Norsk Jazzforum. Ho kunne opplyse at på same måte som Midt-Norge hadde fått til Trondheim Jazzorkester, blei det no sett inn krefter for å få i gang eit Nordnorsk jazzensemble. Trommeslageren og komponisten Roger Johansen vart tildelt Stubøprisen før den første gruppa entra scena. Det vart etterkvart god stemning mellom artistar og publikum.