Markerte 75-årsjubileet for frigjeringa: - Fridommen vi har i dag er det viktig å kjempe for

– Vi må huske historia. Den fridommen vi har i dag, er det viktig å kjempe for.

STATSRÅD: Fanfare bygd på den russiske nasjonalsongen innleia tala til forsvarsminister Frank Bakke Jensen.  Foto: Kåre Torvanger

nyheter

Harstad kommune i samarbeid med Festspillene i Nord-Norge markerte søndag at det er 75 år sidan frigjeringa av Finnmark. Markeringa skjedde på Trondenes ved Laugen der tuftene etter Finnmarksleiren framleis finst. Forsvarsminister Frank Bakke Jensen, fylkesmann Elisabeth Vik Aspaker og filmskaper og tidsvitne Knut Erik Jensen helt tale og ordfører Marianne Bremnes ønskte velkommen. Tre trompetistar frå Hærens musikk introduserte kvar enkelt med spesialskrivne fanfarer bygd på mellom anna den russiske nasjonalsongen, Sang til byen og Å, eg veit meg eit land.

Ei stor folkemengde hadde møtt og fylte stien mellom parkeringsplassen ved Stiftsgården mot Laugen.