Fart og spenning

Filmmusikk er utan tvil med på å forsterke filmopplevinga. Men om ein berre høyrer musikken skal det noko til får å gjenskape dei same kjenslene som på filmen.

STAR WARS: John Williams og Star Wars stod sjølvsagt sentralt i programmet med musikk frå fleire filmar.   Foto: Kåre Torvanger

nyheter

Det er fleire orkester som har skapt vellukka konsertar med filmmusikk og konserten Hærens musikkorps føyer seg no inn på den lista.

Det var særleg etter John Williams storslåtte musikk til Star Wars-filmane at det blei aktuelt med konsertar med berre filmmusikk. Interessa for og fokuset på sjølve musikken blei stor og det var klart at den kunne stå på eigne bein i ein konsertsamanheng.