Men no skal det kome eit spyd basert på autentisk(!) kopi. Det må vere ein sensasjon, for anten ein brukar ordet «autentisk» eller «replika» blir det ikkje rett. Ingen kan seie korleis Selshemnaren såg ut, vi har berre Snorre sin omtale. Replika er ein nøyaktig kopi av ein gjenstand, og i dette høvet er det uråd. Vi kan nok finne noko som liknar, men ikkje meir.

Ein skal vere litt varsam med å slå fast noko sikkert i denne saka. Vi har trass alt berre Snorre si forteljing om Tore Hund, som nok bygger på ei separat ættesoge som er borte for oss. Og då Snorre skriv dette 200 år seinare, får eigenleg Tore Hund ei birolle i det store prosjektet som er å skildre Hårfagreætta sin «frammarsj» i historia.

Derfor får også Tore Hund eit slikt ettermæle som var ( og er!)vanleg for den tapande part i ein strid. Vi veit td. ikkje kva tid Tore Hund var fødd, eller kor han blei fødd. Han hadde to søsken, Sigrid og Sigurd. Posisjonen til ætta viser kven desse to gifta seg med. Sigurd fekk kone frå Jæren, søster til Erling Skjalgsson, «Ryge-kongen», og Sigrid var gift fleire gonger med hovdingar frå Trøndelag og Sunnmøre. Tore sjølv veit vi ikkje visst, kanskje gifta han seg meir lokalt, skriv Bratrein.

Ætta blei to gonger på 1000-og 1100 tallet vidareført ved kvinneledd, det viser noko om styrken i slekta, då knytta til Bjarkøy. Grunnlaget for denne styrken ligg vel meir i handel enn i rein makt, og posisjonen vara ved i fleire hundre år vidare. Eg må få lov å sitere frå ei ny bok eg nettopp les, Håvard Dahl Bratrein: «Høvding, jarl, konge». Nord-Norges politiske historie i vikingtid. Ei annerledes fortelling.

«Bjarkøy var et av de eldste, største og viktigste høvdingseta i Hålogaland, og det stedet som klarte seg best som selvstendig politisk enhet, både under jarledømmet, rikssamlinga og i borgerkrigstida. Mye kan skyldes at Bjarkøyhøvdingen tidlig synes innstilt på samarbeid meir enn konflikt.

Dette gjelder for det første samarbeid med jarlene, som de kanskje var i nær slekt med, så med rikskongen, som lendmenn både under hårfagre- og sverreætta. Glanstida var som baroner og riksråder fra slutten av 1200-tallet, til mannslinja døde ut i 1355. Mens de fleste høvdingedømma i Hålogaland etter hvert dukka under, overlevde altså bjarkøyætta ved sin tilpasningsdyktighet.»

Dette om ætta sin posisjon etter kvart som ho og flytta sørover er ikkje tatt med like ofte som ein dreg fram Tore Hund. Men med titlar som lendermenn, baronar, riksrådar, drottsete (styrte på vegner av ung konge) står dei fremst i riksstyret i fleire ti-år.

Og no skal eit 11 meter langt spyd reisest på Bjarkøy. Då må for det første staden vere Øvergården, «midt i Bjarkøy» seier soga garden låg, der ein ser til havet på begge sider. Ein vil vel ha det så høgt at ein kan rage over dei tre sverda som er reist i Hafrsfjord, dei er «berre»vel 9 m!

Kanskje ein skulle tone litt ned. Rett nok «vann» bondeheren på Stiklestad, men det var hårfagreætta som sigra og tok makta i landet vidare, og jarleætta (Håløygjarlane, opprinneleg frå «Omd») mista si makt i nordvest Norge.

Monument i Nord-Norge kan vere så mangt. Kanskje det største er hovdinghuset på Borg! Dette blei då ei heil forelesing- orsak – men det blei no slik.

PS- Det er ikkje alltid Wikipedia er korrekt når detaljane blir ettergått!