Bok om Ofotbanen:

Mer enn ei jernbanehistorie

LANSERING: Onsdag 18. oktober lanseres «Malmtunge spor» om Ofotbanen i Narvik forfattet Gunnar Grytås. Foto: Samlaget 

  • Gunnar Grytås (f. 1949) er forfattar og journalist og har mellom anna arbeidd i Nordlys, Dagens Næringsliv og Fiskeribladet. Han har skrive ei rekkje bøker om fiskeripolitikk og kystkultur, blant anna historia til Noregs Råfisklag frå 2013. Grytås er også ein av forfattarane av fembandsverket Norges fiskeri- og kysthistorie. I 2014 gav Grytås ut den kritikarroste boka Kvotebaronar. Privat rikdom – utarma fiskevær.
nyheter

For over 140 år sidan blei det avgjort at det skulle byggjast jernbane frå kyst til kyst mellom Nord-Sverige og Nord-Noreg.

Den 475 kilometer lange linja blei bygd med eitt føremål: å frakte jernmalm kortaste vegen frå gruvene i Norrbotten til ei isfri hamn i Narvik.

På 115 år har kring 1130 millionar tonn malm blitt frakta med Ofotbanen, eit ufatteleg stort kvantum. Onsdag 18. oktober lanseres «Malmtunge spor» om Ofotbanen i Narvik forfattet Gunnar Grytås.

Historia om Ofotbanen er ei uvanleg spennande industrihistorie frå ein arktisk utkant av verda. Det handlar om gruvedriftselskapet LKAB, om byane langs linja, Narvik og Kiruna, og om bana som bind alt saman. Ofotbanen har til skiftande tider, men heile tida langs same sporet, vore avgjerande for utviklinga på Nordkalotten. Utan ei jernbane ville samfunna, arbeidslivet, politikken og kulturen vore annleis. Frå historia om bana, «bolaget» og byane går det mange sidespor til andre delar av svensk, norsk og europeisk historie. Boka har lanseringsdato 18.oktober og det blir lanseringsarrangement oppe i Narviksenter onsdag kveld, opplyser forlaget Samlaget.