Skrevet av: Hege Skurtveit

Far og eg sit og småprater i stova, eller eg strikker og far dupper. Innimellom ser ser me opp mot vegen etter ein velkjent lys bil. Så går det i ytterdøra, og nokon knakkar på døra inn til oss. Ein blid stemme helser og spør korleis det går. Det vert utveksla informasjon om vær og føre, far fortel korleis han har det og besøket høyrer, steller og vier all si oppmerksemd på far. Av og til ender besøket med ein god prat, andre besøk varer berre ei kort stund.

Den som kjem på besøk er heimesjukepleieren. Ikkje veit eg om eg treng heimesjukepleie ein gong i framtida, men eg veit korleis eg då vil ha det. Eg vil ha det slik han far har det. Far bur på Grytøya, og tre gonger for dagen får han besøk av eit medmenneske som er både interessert og omsorgsfull, og som møter han med respekt.

Dette medmennesket er heimesjukepleieren. Dersom me lever lenge nok, vil det komma ein dag når helsa svikter og me vert så svake at heimesjukepleie ikkje lenger er forsvarleg helsehjelp. Og den dagen når ikkje ein gong heimesjukepleieren på Grytøya kan gje deg det du treng, då er tida moden for plass på sjukeheim.

Mi største von er at neste gong eg reiser nordover og besøker far, reiser eg forbi Lundenes og vidare til Bjarkøy sjukeheim.