Anmeldelse:

Sterke tekstar og nydeleg musikk

Ludo bar & Scene hadde sist laurdag kveld sin andre konsert for hausten. Det var med den strålande Sunniva Lundh som hadde med seg eit solid band på fem mann.

SOLID BAND: Artisten og låtskrivaren Sunniva Lundh som hadde med seg eit solid band på fem mann då dei laurdag kveld hadde konsert på Ludo Bar & Scene: André Viervoll på keyboard (t.h), Eivind Norseng på gitar og steel, Eirik Askerøi på gitar, Øystein Bergsvik på trommer og Aksel Jensen på bass.   Foto: Kåre Torvanger

meninger

Sunniva Lundh er ein upcoming artist som i fjor lanserte si andre plate ”Fall with Grace”. Den er kritikerrost ikkje minst for poesien og tekstane som er inkluderande, reflekterte og krinsar kring det skjøre, vakre livet, om kjærleiken, tilgjeving og det å vere medmenneske. Nydelege melodiar og arrangement tek vare på både tekst og poesi. Og ikkje minst Sunnivas lyse stemme løfter formidlinga og gjev musikken atmosfære.

Steelgitaren styrer musikken mot ein snert av country, men vi opplever eit variert uttrykk som går mot pop-viser og folk. Musikarane er ei sterkt lag og dei leverte som berre det og gav Sunniva Lundh eit støttande og balansert lydbilde.