Håpshjørnet:

Å takke for livet

12. mars er blitt ein merkedag i landet vårt. Mange av oss husker godt kva vi gjorde den 12.mars 2020. Og vi vil kanskje huske det resten av livet.

ILLUSTRASJONSFOTO: Frank May / NTB 

meninger

For meg har 12. mars alltid vore ein merkedag. For far blei født den 12. mars i 1921. I år kunne han fylt 100 år, om han hadde levd. Far sitt liv fyller meg med takk og undring og glede. Tenk at det var akkurat han som blei født den marsdagen i 1921. Og tenk at far og mor 35 år seinare fekk ein liten gutt, og at det var meg.

Sjansen for å bli til og bli født er jo ganske minimal. To celler smeltar og blir til eit nytt liv, eit nytt menneske. Slik blei eg til. Viss det var to andre celler, hadde det blitt eit anna menneske. Men så blei det altså meg. Og ein gong var det du som var den heldige. To celler smelta saman og blei til ditt liv. Så vi har vunne i lotto, både du og eg. Det gir grunn til undring og takk og glede. At vi var så heldige å bli til og bli født.

Vi har vunne i Lotto ikkje bare ein gong, men mange gonger. Då mor og far blei født, var det lykketreff for meg. Og slik er det kvar einaste generasjon bakover i tid. Når vi tenker slik, skjønner vi at sjansen for å bli født er heilt mikroskopisk. Det er totalt usannsynlig og ufattelig at alle mine formødre og forfedre blei til, blei født og førte slekta vidare. Men det har altså skjedd. Eg er her. Og du er her. Mot alle odds.

Vi kan undrast over livet. At vi hadde slik kjempeflaks å bli til og bli født. Vi kan glede oss over kvar einaste dag vi er i livet. Og vi kan takke for livet. Og vi kan undrast : Er livet ditt og livet mitt oppstått tilfeldig? Eller er det ein god Gud som gir oss livet i gave? Det finst ikkje noe fasitsvar på det spørsmålet . Men for meg er det godt å tenke og tru at livet er ein gave frå Gud. Og derfor vil eg takke Gud for livet.

Eg vil takke Gud for at eg blei til og blei født. Eg vil takke Gud for at far blei født for 100 år sidan – og mor for 99 år sidan. Og eg vil takke for alle mine forfedre og formødre som har levd og lagt grunnlaget for livet mitt.

Farfaren min heitte Lars. Han gifta seg tidlig på 1900-talet og fekk to barn. Men han mista heile familien. Både kona og to små barn døde av tuberkulose. Slik så mange andre gjorde i den tida.

Frå 1895 til 1955 døde ca 250.000 menneske av tuberkulose her i Norge. Om lag 4.000 menneske kvart år – ofte unge menneske i sin beste alder. Det gir grunn til ettertanke for oss som nå opplever ein ny epidemi.

Vi kan takke for at vi i dag har eit godt helsevesen med masse gode folk her i Harstad og i heile landet. Og vi kan huske på å vere solidariske med menneske som opplever sjukdom og epidemiar i fattige land. Kanskje dei treng vaksiner og krisepakkar vel så mykje som oss?

Farfar Lars gifta seg på ny med ho Martine. Dei fekk sju guttar i lag. Nr. seks i den rekka blei født den 12. mars i 1921. 100 år seinare kan eg takke for livet. Eg kan takke for far og mor sitt liv. Eg kan takke for farfar og farmor sitt liv. Eg kan takke for livet mitt. At eg blei født ein dag i 1956, og har fått lov å leve heilt til denne dag.

Og så vil eg ønske deg til lykke med livet ditt denne dagen.