FORESTILLING

Burt Turrido. An opera (US) (norgespremiere)

Nature Theatre of Oklahoma

KVAR: Harstad kulturhus, Storsalen

Når: Onsdag kveld

Publikum: Kanskje 130 før pause

AUDE ØY: Øya eller The Banana Kingdom er styrt av eit despotisk kongepar, Karen og Bob. Språket og tekstinga er på engelsk. Foto: Kåre Torvanger

For denne merkelige operaen tok seg absolutt opp i andre akt, den siste timen av nesten fire. Men noen suksess som opera er den ikkje.

Det er Nature Theatre of Oklahoma frå New York som har sett opp forestillinga og har sidan i fjor turnert med den. No kjem dei frå Hellas og antikke scener der, og har norgespremiere her i Harstad. Teateret  vert halde for å vere eit av dei mest karakteristiske teaterkompani i moderne tid og dei låner fritt frå alle tenkelege teatertradisjonar.

DANS: Det blir dansa – linjedans – i alle situasjonar. Foto: Kåre Torvanger

Burt Turrido insisterer på å vere ein opera. Det første som slår ein er musikken. Heilt utypisk opera. Det er countrymusikk med få akkorder, toneartar  og instrument. Stemningsskifte ligg gjerne i tempo, glad og rask bluegrass med banjo, og trist slepande tempo, sjeldan ein kjent låt, men av og til koring og då ofte med ein komisk effekt. All musikk er playback, men artistane song alle replikkar og dei sat heilt presist. Songprestasjonane var greie, særleg Emily hadde god røyst, men registeret på songane var forholdsvis smalt. I tillegg skulle dei danse – linjedans - så ofte dei kunne og i alle situasjonar, også når dei var døde. Det var munter nok i byrjinga, men etter to timar kjentes det kraftig einsidig og monotont og ein kan forstå at mange gikk under og etter første akt, særleg fordi det heller ikkje var så stor og spennande framdrift i handlinga.

Scenografien er enkel og handling går føre seg i 14 episodar fordelt på fem scener; på havet, på den ureina stranda, i borga og på rettarstaden i den døde skogen. Scenebileta er malte og minner om revyscener i forsamlingshus på bygda. Det er dei fem aktørane som også sørgjer for sceneskifta og eventuelle illustrerande bølgjer, storm og andre rørsler.

ETTER DØDEN: Uløyste konflikter må dei leve med etter døden Foto: Kåre Torvanger

Språket er songtekst- og klisjeprega og i store ord; I love you and always will, I am happy, you are the woman of my dreams . Sameleis er mimikken enkel og spelar på eit begrensa register. Språket er engelsk og teksta slik det skal vere på ein opera.

Men bak dette sløret av den ufarleggjerande lette musikken, humor, dans, det enkle, det overflatiske, freistar skaparane av denne moderne scenekunsten å få fram eit alvor med relevans for vår tid. Richard Wagners opera Den Flygande Hollendar – ”sjømannen som var dømd til evig ferd på havet” skal ha inspirert noe av plottet i operaen.

Ein mann som har havarert vert redda frå drukning av ei mystisk kvinne som tek han med til det siste stykke land på jorda. Der er vegetasjonen borte og det er berre spøkelsa etter dei tidlegare innbyggjarane som held til der. Øya er styrt av eit despotisk kongepar. Dei gjev den forliste mannen namnet Burt Turrido og gjer han først til slave og seinare fange sidan han er udugeleg. I am not human, seier han mot slutten.

ALLE: Burt Turrido er ein opera der alle døyr til slutt. Foto: Kåre Torvanger

Handlinga går sakte framover og avslører sterke temaer som ein finn i andre av Wagners operaer. Det er kampen mellom makt og kjærleik, det materielle og åndelege, grådigheit, svik og løftebrot, gudar som sviktar og undergang.  Og alle dør til slutt. I epilogen ser vi det nyfødde barnet, som vart unnfanga på så mystisk vis, ri på ein knølkval i ope hav. Er det eit håp om ein ny start?

Operaen er heilstøypt og gjennomført i form og uttrykk. Den har operaens lengde på nær 4 timar med ein del kjedelege parti som andre operaer. Men også morosame situasjonar.  Er poenget å korte ned i tid, trur eg det lett kunne bli gjort særleg i 1. akt. Handlinga strammar seg likevel til i andre akt og det blir lettar å nå fram til alvoret og poenga når ein er blitt vant til og kan trenge gjennom det tilslørande western-språket.  Det var faktisk interessant, men engasjerer ikkje kjenslene som i ein romantisk opera. Det er ikkje meininga heller. Så då angra eg ikkje på at eg var mellom dei som fekk med meg andre akt. Eg er likevel i tvil om dette er ein opera, i alle fall om det er ein levedyktig opera.

HÅP: I epilogen ser vi det nyfødde barnet, som vart unnfanga på så mystisk vis, ri på ein knølkval i ope hav. Er det eit håp om ein ny start? Foto: Kåre Torvanger