Stemmer heilt utanom det vanlege

Ilios weekend opna fredag med Trondheim Voices og det var stemmer heilt utanom det vanlege.

Konsert: Ei unik kunstnerisk oppleving der det går klårt fram at ein kan få gode og vakre musikalske erfaringar sjølv med eit uvandt og uvanleg uttrykk.   Foto: Kåre Torvanger

kultur

Men det var meir enn stemmer. Rooms and Rituales var namnet på konserten. Det var ein tittel som ein lett kan forstå for med seks høgtalarar rundt aktørane og publikum blei det med alle effektane ei sterk oppleving av rom.

Kvar av dei seks songarane song i mikrofon og hadde ein trådlaus dings som dei ofte skrudde eller trykte på – ein maccatrols som kvar enkelt kan behandle og manipulere si eiga stemme med. I tillegg sat Asle Kaarstad som lyddesignar og skapte mellom anna ekkoeffektar, let dei ulike stemmene vandre rundt mellom høgtalarane og gav klangar, rytmer og lydar til dei syngande.