Ny og spennande stemme

Den samiske artisten, Katarina Barruk, gjorde eit djupt inntrykk då ho saman med bandet sitt hadde konsert på Torvet 3 torsdag kveld.

NÆRVÆR: Den unge samiske artisten Katarina Barruk framstod med eit stort nærvær med eit viktig bodskap. Foto: Steve Nilsen  Foto: Steve Nilsen

kultur

Det var mykje folk og trangt i lokalet, men likevel greidde artisten å trollbinde tilhøyrarane til nesten religiøs stillhet. Ho framstod med eit stort nærvær og alvor der ho tok for seg menneskelege relasjonar, kjærleik til folket sitt og naturen, lokalt og globalt.

Torvet 3 fikk besøk av Katarina Burrak, en artist fra Sápmi med en helt fenomenalt nydelig stemme. For deg som gikk glipp av denne perlen av en konsert har du en ny sjanse på Márkomeannu i slutten av juli.

 

Alt blir seriøst og meiningsfylt. Dette formidla ho i song og joik. Ein ekstra dimensjon er at ho skriv og syng på umesamisk, eit språk på Unescos liste over trua språk.