Historisk storslått

Medan det er kjøleg mellom toppane i Russland og Norge arrangerer Festspela ein praktfull konsert der våpenmaktene i dei to landa er involvert.

hærens musikkorps: I konsert med musikarar frå Den Røde Armé. Foto: Steve Nilsen  Foto: Steve Nilsen

kultur

Det er historisk når Hærens musikk møter musikarar frå Den Røde Armé i form av musikalsk leik.

Etter murens fall har riktig nok dette orkesteret skifta namn. Aleksandrov-ensemblet er det rette namnet no, men dei er framleis offisielle representantar for den russiske hæren.