Anmeldelse:

Kontrastar og jubel

Contrastofestivalen opna torsdag kveld med eit storslagent korverk og ei unik fiolinoppleving.

BEGEISTRING: Framføringa av Påskeoratoriet av Bach vekte begeistring i Harstad kirke torsdag kveld. Det er eit prisverdig stort samarbeid som ligg bak ei slik framføring. Foto: Kåre Torvanger 

kultur

Påskeoratoriet er eit kort korverk og gav derfor rom for fleire verk på programmet. Spenninga vart sett med Charpentiers kjente kjenningsmelodi til Eurovisjonssendingar, denne gangen med paukesoloen godt utført av Eivind Siljehorn og det samansette orkesteret. Den sprø og samstundes runde klangen av originalinstrument førte oss tilbake i tid og vi blir samstundes tolerante over for intonasjonen. For ein veit at tarmstrengar og ikkje alltid godt utvikla instrument er krevjande å spele på. Men det er eit entusiastisk og sprudlande orkester med musisering på høgt nivå som dominerer både første inntrykket og prestasjonane på resten av konserten.

Artist på vei opp

Mest overraskande var likevel at vi også fekk oppleve Bachs kjente Chaconne for solofiolin med Alexander Sitkovetsky. Han er for meg eit ukjent namn, men etter Sundquists presentasjon er dette ein artist på vei opp og etter den enorme prestasjonen gjer vi rett i å merke oss dette namnet. For det vel 15 minuttars instrumentale meisterverket vart framført glansfullt, nyansert og ytterst musikalsk med konsentrert indre formidling. Imponerande, fengande og vakkert!