Noe å bite i

Det var eit lyttande publikum som fekk servert musikk som noen lett kunne få i vranghalsen. Det skjedde på laurdagens lunsjkonsert i Galleri Nord-Norge.

BLODFERSK: Håvard Lund sin nyskrivne komposisjon vart med sine kontrastfylte korte satsar godt motteke i Galleri Nord-Norge laurdag.  Foto: Kåre Torvanger

kultur

På menyen stod eit blodferskt verk av Håvard Lund, eit sju år gammalt verk av Nico Huhly frå New York og eit 20 år gammalt verk av dansken Bent Sørensen. Felles for desse modernistiske verka var at dei bestod av mange forholdsvis korte satsar. Det er eit trekk som gjer at noe uttilgjengeleg musikk blir lettare å lytte til. I følgje introduksjonen skulle det også vere ei viss tilknytning til jazz i alle verka. Det var ikkje alltid så lett å oppdage.


Varmt og kraftfullt

Sommerstemning på storsalsscenen da Marianne Beate Kielland og Arktisk Filharmonis sinfonietta åpnet årets ILIOS-festival.

 

Droner

Nico Huhlys ”Drones” for piano og fiolin er eit letthøyrt stykke. Det er fordi det i alle dei fire satsane er ein stabil og statisk klang – ein drone - som det vert bygd harmoniske og melodiske strukturer over. Komponisten meiner at vi har konstant støy av ulike slag omkring oss. Hans ide er at over slike lydar kan han bygge noe musikalsk, noe slikt som til dømes å synge mens ein støvsuger.