Stemningsfull Nyttårskonsert

Nyttårskonsert med god musikk, god solist og ein konferansier som sørga for at publikum slepte seg laus. Av det vart det god feststemning.
kultur

Konferansier Marte Stokstad var glad for endeleg å kunne stille i same kjole som ho brukte i Grand Prix i 2012. Som programleiar måtte ho vere stilig i utrustninga og noe mindre velkledd kunne ho ikkje vere på nyttårskonserten til Hærens Musikkorps. Likså vakkert som det glitra i kjolen, glitra det av jobben som konferansier. NRK-kjendisen fekk god kontakt og på ein naturleg og underhaldande måte presenterte ho programmet. Ho passa også på å oppmuntre publikum til å gje utøvarane god og støttande applaus. Det vart publikum villig med på og slikt vart det god stemning av. Og det var mye å juble for!


Han er den nye sjefen for Kulturhuset i Harstad

Peter Krarup er ny direktør for Harstad kulturhus.


Elegant

Den tyske barytonen, Thomas Bauer, har gjesta Harstad opp til fleire gonger. Han vart teken godt imot og det er ikkje tvil om at han er godt likt. Han har ulike roller både i opera og konsertar på mange av Europas kjente scener. Denne allsidigheita fekk vi oppleve noko av. Den dyktige solisten meistra elegant ein krevjande Wagner-arie så vel som lystige og skrytande ariar av Bizet og Rossini og likeeins lettare henslengte standardlåtar av Cole Porter. Han kommuniserte godt med både dirigent og publikum og ekstra populært var det då han vandre mellom stolradene medan han song Figaros arie frå Barbereren i Sevilla.