Mange huskar Ola Kvernberg som ein talentfull fiolinist. Etter utdanning frå Sund folkehøgskole og jazzlinja ved NTNU, har han markert seg som ein av landets aller fremste jazzmusikarar. Han har vore innom stringswing og har etter det sprengt rammene for kva som er muleg for å få til med ein fiolin.

I ”Steamdome” køyrer han på med lokomotivets voldsomme kraft gjennom eit landskap som rører ved pop, intens jazz og rockens tunge rytme i eit mylder av elektronikk. Det danna eit teppe av tett og komplisert rytme som susar avgarde i metamorfosisk utvikling og vil ikkje stoppe. Det er statisk og suggererande med ein voldsom energi. Over dette kjem melodiske brotstykke i fiolin, gitar, song, orgel eller ulike synthlydar og dannar bilde av fargerike sletter eller ville landskap. Det er trongt for dette på festspelklubben.

Trioversjonen ”Steamdome III” har med essensen i det nyskapande prosjektet. Ola Kvernberg har med seg Erik Nylander trommer, Tor Breivik på bass og Nikolai Hængsle som lydmann. Frå første tone har han det travelt med å halde orden på knottar og spakar med hender og føter i eit imponerande mangfald av elektronisk utstyr. I tillegg har han tre fiolinar, ein gitar og tre tangentinstrument som han raskt skifter mellom. Det ser litt stressande ut, men med lukka auge blir ein suggerert inn i vakre scenerier.

På den vel timeslange konserten fekk vi høyre fire nummer, mellom anna Go Up og Caterpillar. Volumet var veldig høgt så øyreproppar var nødvendig. Eg ser for meg at konsertopplevinga hadde vore mye betre med denne musikken i ein stor sal og gjerne med fullt orkester.

Les også: Gitarjazz - godt for øyret

Foto: Kåre Torvanger
Powertrio: Steamdome III Foto: Kåre Torvanger