Dratapp er ein jazztrio med utspring i musikkonservatoriet i Tromsø. Dei kom ut med sin første cd i mars og fleire gonger vart vi minna om at den var til sals i eit begrensa opplag. Det meste av stoffet henta dei frå Global som debut-utgjevinga heiter.

Dei tre unge nordnorske musikarane har skapt sin eigen stil med tydlege spor frå jazztradisjonen.

Sigbjørn Thomassen på gitar, Christo Stangness på kontrabass og Tobias Solheim-Nilsen på slagverk er dyktige instrumentalistar som står godt til kvarandre. Dei dreg kvarandre med i flotte improvisasjonar og konserten er ein fin variasjon mellom drivande uptempolåtar og meir lyriske stemningar som «Morning» og «Olderfjord» der Stangness i opninga brukar bogen som ein uventa kontrast. Dei har skrive det meste av låtane sjølve og den einaste coverlåten er ”Solar” av Miles Davis. Gruppas versjon er meir lik Pat Methenys utgåve med heftig og aksentuert bass og trommespel enn Miles Davis sin meir latinpåvirka komp. I den imponerande improvisasjonen mellom bass og trommer kjem eit av konsertens høgdepunkt. Det var som timeing og akrobatikk stemte så til dei grader at vi vart rivne med på ei opphøga og løfta flukt. Harstad-bassisten har tydleg hatt ei rivande utvikling sidan han forlet Heggen for berre nokre få år sidan.

Den gitarbaserte jazzen er behageleg å høyre på og det er all grunn til å vente meir frå Dratapp. Med Thorgeir Stube og Hallgeir Pedersen har dei ein fin nordnorsk gitarjazztradisjon å følge opp.