Han er omtalt som ein jazzbauta og har hatt stor betydning for jazzlivet i nord. Han var 15 år då han første gongen stod på scena med saxofon. Det var her i heimbyen Harstad. Sidan er det blitt utallige konsertar og hans bidrag til jazzens plass under festspela kan ikkje rosast nok.

Når eg såg tårene trilla på ein eldre mann ved sida av meg etter det første nummeret, var det eit signal godt nok for meg til å forstå kor mykje denne artisten har betydd for mange. Sjølv syntes artisten at det nesten er surrealistisk å runde 70, aktiv som han er enda. Han ser gjerne framover, men det var ikkje til å unngå at konserten bar preg av minner og tilbakeblikk.

Han har ein betydeleg katalog å plukke av. Den modale ”Langt ute” blei avløyst av ein latinjazzlåt av Cick Corea. I introduksjonen til ”Kor langt” trakk han fram samarbeidet med Rolf Jakobsen og understreka sitt engasjement for miljø og det samiske.

Heftig frijazz i ein låt av Coltrane stod i kontrast til og ein stille og vár duett mellom Bjørn Alterhaug og Børge Peterson - Øverleir. I tillegg til Gravroks eminente saksspel gav dei nordnorske medspelarane i kvintetten ei solid støtte.

Det var Bjørn Alterhaug på kontrabass, Jørn Øien på piano og Roger Johansen på trommer. Ikkje minst Børge Petersen-Øverleir på gitar hadde mye å føye til særlig i den sorgvakre avslutningslåta ”Søster”, ein låt skrive til minne om ei søster av Gravrok.

Les også: Stas med ung jazz

Jubilanten Foto: Kåre Torvanger
Børge Petersen-Øverleir på gitar. Foto: Kåre Torvanger