For korinteresserte er Grex Vokalis eit kjent namn i norsk samanheng. Det var Carl Høgseth som starta dette koret, og han har vore dirigent i over 40 år. Koret har gjeve ut mange plater og hans arbeid med god korklang er viden kjent. Høgseth er også kjent for prosjektet

Alle kan synge, som har avdelingar i fleire byar. Møtet med Vox Arctica frå Harstad blir spennande. Dei skal kvar for seg og saman synge musikk frå Norden og Baltikum.

Særleg stor spenning knytter det seg til urframføringa av To The Wild. Det er Arne Dagsvik, dirigenten til Vox Arctica, som har tonesett tekster av alaskapoeten Sheila Nickerson. Det er blitt eit verk på 5 satsar der titlane røper eit nært forhold til den overveldande naturen og alt levande i nordområda.

Han har komponert det for ei spenstig og uvanleg besetning med kor, to solistar og hornkvartett. Dagsvik har skrive mange sykliske komposisjonar som er blitt veldig populære mellom norske kor. Han har eit breitt spekter av uttrykk så her er forventningane store. Fire musikarar frå Hærens Musikk sørger for profesjonell hornklang.

Programmet til Grex Vokalis spenner frå renessansemusikk til moderne latvisk via norsk og svensk musikk til tekstar av Wergeland og Nils Aslak Valkepä.

Ekstra stort blir det med verka dei skal synge saman. Mandag ettermiddag møttes dei for første gong der undertegna var ei stund tilstades. Og det var litt av ein klang som fylte kyrkja. Men det var tydleg at fleire ting måtte justerast og tilpassast.

– Takt ni , tenor og alt , -ikkje så mykje crescendo.

– Ikkje den der slengen der! –Litt friare, ikkje så mye puls!

– Det var fint i stad, men no var det enda finare. Kor vil dette ende?

Plutseleg er det ein bass med handa i været som spør litt forvirra.

– Vi har forskjellege noteutgåver, kvar vil du vi skal plassere teksten i takt….?

Det er mange gode grunnar til å få med seg onsdagens korkonsert på festspillene, eller i Skånland kyrke torsdag.

TEKSTPLASSERING: Ottar og ein bass frå Oslo oppdagar at teksten er ulikt plassert i to utgåver. Så her må tekstplassering avklarast!
Dirigentane blir einige om gode justeringar.