Det var eit lydhørt publikum som opplevde The Fjords og islandske Sóley søndag kveld.

The Fjords er eit band med utspring frå NTNU og jazzlinja på konservatoriet der, mens

Sóley har bakgrunn som pianist – både klassisk og jazz - og har studert komposisjon på Icelandic Art Academy. Dei har gjeve ut musikk som har fått god respons og felles for begge er at dei tek i bruk elektroniske element og kan virke introverte.

Det er derfor godt skolerte folk som i ei veke har utveksla erfaringar og stimulert kvarandre til å skape noe nytt. Det er det som er verdde sessions.

Det blei også ein konsert som osa av kvalitet og seriøsitet. Kjente trekk frå pop, vise og jazz var bland med elektroniske element. Enkle gode melodiar gjerne med innadvendte tekstar, blei utvikla ofte frå stille piano eller gitar akkompagnement til store ekstatiske klang- og rytmiske flater. Sóleys rolege opptreden og særeigne stemme appellerte til det innvendte og stimulerte kjensler og draumar. The Fjords framstod litt røffare og spesielt Petters Vågans gitarsolo med bue var eksperimentell i si utforming. Det dei skapte saman var noe nytt med minner om noe gammalt. Det var vakkert, interessant og stilig og det fange publikum. Det er litt uvanleg at dei mest høgmælte blir hysja på i Nordic Hall.

- Dette overgikk alle mine forventningar, seier ein som kjenner musikken til The Fjords godt. Konserten var ei god oppleving noe mange gav uttrykk for. Når så mange element blir blanda, kan det vere vanskeleg å plassere konserten i ein spesiell sjanger. Om det skulle vere nødvendig. I programmet vart vi lova ”pulserande indietronic”. Så då er det sagt.

INNVENDT: Sóleys rolege opptreden og særeigne stemme appellerte til det innvendte og stimulerte kjensler og draumar.
RØFF: Petters Vågans gitarsolo med bue var eksperimentell i si utforming