Dei stilte med tidsriktige instrument . Bang-Rasmusen med ein 7-strengers gitar frå rundt 1800 og Rolland med ein traverso(fløyte) frå same tid. Musikken er av italienske komponistar og i en lettfattelig stil og form.

– Dette er pop-musikk frå tidleg på 1800-tallet., fekk vi vite. Musikken skapte god stemning og falt fint på plass i kafé - lokalet på Røkenes som opphavleg kanskje er frå det same tidsrommet.

Sjølv om musikken fell lett for øyra, kan det vere vanskeleg nok å få den fram på instrument som ikkje hadde nådd sin fullkomne utvikling slik vi kjenner dei i dag. Derfor var det litt av en prestasjon av musikarane å få dette til å klinge så balansert og uanstrengt. Dei gav oss ei sjeldan klangleg oppleving til kaffen denne regntunge søndagen. Godt over 50 gjester fekk med seg denne historiske velklangen.