Ein dinosaur, kalla Bjørn Alterhaug seg sjølv. Han har halde på lenge. Det er 51 år sidan han besøkte Harstad og festspela for første gong. Men kvintetten han no stiller opp med er ein konstellasjon han har jobba med i dei siste 10 åra. Og for ein samspelt og dyktig gjeng!

Adri vært bedre

Dei er rekna for eit av landets finast jazzband for tida og Håvard Stubø som mottok ”Stubeprisen” i forkant av konserten mente at bandet aldri har vore betre. Han hadde sjølv nære musikalske relasjonar til kvar enkelt av bandmedlemmane. Det gjorde han meget underholdande greie for i si takketale. Dermed var stemninga sett. Det var i stil med Bjørn Altehaugs lune og humoristiske presentasjoner.

Variert

Dette er musikarar som ikkje er redde for å by på seg sjølv og dei er opptekne av å gje noe til publikum. Så presenterte dei også ein musikk med eit variert uttrykk. Frå den elleville improvisasjonen til Vigleik Storaas der tangentane i alle register ”had a hard time”, til John Pål Inderberg merkelege, morosame og imponerande diktlesing gjennom hornet. Ein ante ein rappkjefta trønder der enkeltord vart framheva og sette latteren i gang. Alt gjennom baritonsaksens lange rør medan klaffane hurtig akkompagnerte teksten.

Smakebitar

Men konserten var først og fremst smakebitar frå Bjørn Alterhaugs lange produksjon. Han har vore med på ei lang rekke plater og har skrive over 250 låtar, men i eige namn har han berre gjeve ut 4 cd-ar. Den siste heitte ”Songlines” . Den vakre ”A message from a sad Dophin” var henta derifrå. Det blei eit dei mange høgdepunkta. Bjørn Alterhaug var melodiførande på kontrabass i den nydelege melankolske låten. Også ”Kyrie” er henta frå same cd. Det er ein låt han har bygd på fragment frå ein folketone frå Østerdalen. Folkemusikk er noe gruppa er mye er inspirert av, hevda Alterhaug - ikkje minst i frå Afrika, sjølv om vi ikkje hørte så mye av det på denne konserten.

Solo

Også tittellåten frå Moments (1979) var med etter ein motvillig, men medrivande solo av Frode Nymo. Samspelet mellom dei to saksofonistane var formidabelt. Det same var timinga til resten av gjengen. John Pål Inderbergs tilbakelente, men energiske og kommunikative spel fenga. Han er ein nestor i norsk jazzliv og er vel den som førte cooljazzen til landet og gav sjangeren eit trøndersk og norsk ansikt. –Eg har lært mye av han, seier 72 åringen Alterhaug som sjølv er ein pioner ikkje minst innanfor det å sette improvisasjon inn i ei akademisk ramme.

Større lokale?

Dei utvalte som fekk plass på Sjøbua, hadde all grunn til å vere fornøgde. Kanskje konserten skulle ha vore i eit lokale som kunne romma fleire.