Harstad kirke er arena for klassisk musikk under årets festspel. Konsertane er lagt seint på kvelden. Til gjengjeld er det utøvarar med høg standard som får slippe til. På konserten tysdag kveld var det dei tre utøvarane Andrea Gajic på fiolin, Knut Erik Sundquist på kontrabass og Sinae Lee på piano som var i elden. Dei blir omtalt som musikarar med stor internasjonal erfaring og gode omtaler. Forventningane er dermed høge.

LES ALT OM FESTSPILLENE HER

Konserten hadde fått namn etter avslutningsnummeret. Det var Bottesinis Grand Duo for to solistar og orkester. Men dei var altså tre der pianisten i dette tilfelle tok seg av orkesteret. Pianisten Sinae Lee akkapompagnerte dei andre i tur og orden, men hadde ikkje eit eige stykke noe eg godt kunne tenkt meg å høyre.

På det salongprega opningsstykket og Grand trio spelte dei alle i lag. Og det var tett samspel der dei hadde god kontakt og følgde kvarandre i tempoendringar og det levande musikalske uttrykket. Nesten alle verka var prega av virtuositet og krevde eit høgt teknisk nivå på solistane.

Fiolinisten Andrea Gajic dokumenterte dette i dei to verka ho var solist i. Den kjente Carmen Fantasy av Sarasate vart virtuost og sikkert framført. Det er fullt av skiftande stemningar i fryd og lidenskap. Med slike utøvarar kan ein tillate seg å finstille øyret og peike på stundom litt ujamn intonasjon og ikkje heilt samspelt eit par stader.

Meir ukjent var Sonate no 6 for solo fiolin av den belgiske virtuosfiolinisten Eugène Ysaÿe. Det er meir komplisert melodisk, harmonisk og teknisk og var skriven i ei tid då tonaliteten var i krise i følgje musikkhistoria. Verket er virtuost og peikar framover mot Bartok, men kanskje ikkje så tilgjengeleg. Etter mi vurdering var dette det mest briljant framførte verket på konserten.

-Så langt har alt gått godt, seier Knut Erik Sundquist då han skal spele. Hans humoristiske og gode evne til å kommunisere med publikum endra stemninga og det blei mye latter og humring. Han beklaga at publikum ikkje fekk program og presenterte det som hadde vore og skulle komme.

Han knytte mange små historier til det dei skulle spele og fortalte om sin helt Bottesini. Han spelte tre stykker av han. To av dei er virtuose og det er nesten naturstridig å spele så raskt på eit så stort instrument. Det er imponerande og ein er overberande med at han ikkje alltid treff ”planken” langt oppe på gripebrettet og i flageolettane.

Konserten var prega av mye virtuositet og det gikk litt på bekostning av kjensla av å bli gripen av det musikalske. Der var den rolege Elegi av Bottesini ein kjærkommen kontrast.