Hødd tok poeng frå Fredrikstad: – Burde tatt alle poenga

Hødd imponerte stort i serieopninga i 2.-divisjon borte mot opprykksfavoritt Fredrikstad. Oppgjeret enda 1–1.

Wachirawut Phudithip set inn 1-1 for Hødd mot Fredrikstad  Foto: Geir Carlsson

fotball

Det var eit nytt og ungt Hødd-lag som gjekk ut på banen søndag, og det var knytte stor spenning til kva de kunne vise. Klubben har mista mange spelarar frå i fjor, fått ny trenar og bytta ut store deler av leiinga grunna økonomi og konfliktar.

På banen var det ingen grunn til bekymring. Hødd fekk nemleg reise heim med poeng frå Fredrikstad. Kanskje burde Hødd hatt med seg alle poenga i bagasjen.