Konserten i Galleri NordNorge blei på ingen måte bråket som ein kanskje vil tru når 4 slagverker slår til. Det blei heller ein lågmælt konsert der klangen av marimbaer, vibrafoner og ein jazzig trompet tonar ut i sensuelle melodiar og klangar.

Kontemplativ

Kombinasjonen med Mathias Eicks tonar fungerte meget godt. Han sette sitt individuelle stempel på ensemblets eigen versjon av Clapping og Music for Pieces of wood av Steve Reich . Eicks kviskrande og lågmælte, men likevel intense trompettone leika seg sensuelt og vakkert inn i den ustoppeleg pulsen med rytmer og klangar i stadig endring. Han tilføre jazzens tonespråk også ved bruk av stemma si og vibrafon og får det heile til å fungere i lag.

Meir prangande er han i sin eigen June frå Skala (2011) i eit harmonisk velklingande arrangement av Erik Fossen Nilsen. Hans lyrisk-melankolske tone kledde spesielt godt ensemblets utgåve av Sleep av Eric Whitacre. Det er opphavleg eit korverk som har vekt oppsikt med sitt vakre og kontemplative uttrykk. Dei fire slagverkarane fekk godt fram det musikalske gjennom dynamikken og dissonansane som gjer dette verket så smigrande vakkert.

Variert

Alle verka var dyktig framført og hadde ein variasjon i klang og uttrykk som imponerte.

Frå den sfæriske opninga med lyden av stortrommer plassert skjult på ulike stader i galleriet, til den artige Carousel der dei stod tett saman om ei tromme og to spelte skiftevis på tynne melodiske kokker. Meir dynamisk var Jasons Treutings Extremes.

Steve Reich er populær mellom slagverkarar. Han etablerte minimalismen - ei statisk musikkform der rytmer ofte vert faseforskyva over ein jamn puls. Han har passert 80 år og har framleis pulsen i fingrane, men har bevega seg meir i harmonisk og melodisk retning. I 2009 skreiv han Mallet Quartet for melodisk slagverk. Ei innspeling av den oppnådde å vinne ein Grammy. – Det er ei klår anerkjenning av det vi driv med, sa Hans Petter Vabog i presentasjonen av hovudverket på konserten.

Energisk

Det er eit krevjande verk for to marimba og to vibrafonar i tre satsar. I yttersatsane danna marimbaene eit statisk og harmonisk grunnlag medan vibrafonane tar seg av det melodiske, først i solo så kanon. Den rolege midtsatsen er mye tynnare instrumentert og danna ein fin og fargerik kontrast. Ein blir riven med av alle dei rytmisk, melodiske, harmoniske og klanglege nyansane som strøymer på i ein energisk og ubøyeleg puls og det er ein imponerande kraftprestasjon av dei fire utøvarane å få fram dette 15 minutt lange kunstverket.

Serien med klassisk musikk som Knut-Erik Sundquist hadde ansvar for, er svært positivt for festspela. Dei som denne meldar fekk oppleve, hadde utøvarar i det øvste europeiske sjiktet. Denne konserten viste at utøvarar busett i arktiske område presterer på topp internasjonalt nivå.

JAZZ: Mathias Eick sette sitt individuelle jazzstempel på samspelet med FMKNs slagverkensemble.