Det er i desse dagar 40 år sidan Kystvakta vart etablert. Kommandørkaptein Steve Olsen innleia konserten med å orientere om denne tenesta, om bakgrunn, historie og utfordringar, om ulike oppgåver og om kor viktig arbeidet til Kystvakta er. Fisket må skje i lovlege og trygge former, og den norske sokkelen er mellom den best forvalta i verdssamanheng, hevda han.

Oppgåvene vart ytterlagare vist i i lysbildeseriar som bakgrunn for to feiande musikkinnslag. Klart at ein så imponerande innsats fortener ein fest!

Swing

Med FMKN oppstilt i storband og forsterka lyd osa det sving frå podiet. Den eminente rytmeseksjonen i korpset var forsterka med Børge Petersen-Øverleir og dei sørga for eit glimrande rytmisk driv anten det var swing, vise, rock eller heftig disco. Ein får det neppe bedre og når arrangementa utnytta korpsets ulike blåseseksjonar på ein interessant og elegant måte, var det ikkje til å unngå at ein vart riven med. Gudim sin penn over arrangementa kjenner ein etterkvart igjen for dette kan han. Interessant var også arrangementet som Skjalg Bjørstad hadde gjort.

Den svenske dirigenten, Anders Eljas, strålte ilag med «landets beste korps» som han sa. Han er ein etterspurd kapellmeister og er mellom anna knytt til ABBA både som utøvar og arrangør.

Han var smittande engasjert og det var tydeleg at kjemien stemte og musikarane hadde ein artig dag på jobben!

Folkekjær artist

Maria Haukås Mittet hadde derfor eit stort band med eit breitt klangleg spekter og eit stålsolid rytmisk teppe i ryggen når ho stod på scena. Vokalisten frå Senja med røtter fra Harstad er blitt ein folkekjær artist ikkje minst etter at ho deltok i Grand Prix og vann «Stjernekamp» hausten 2015.

I to avdelingar viste Maria Mittet kor allsidig vokalist ho er. Med visene «Te øya mi», «Har du fyr» og «Æ og min elskede» (Terje Nilsen) rørte ho ved det nornorske hjertet og med varme kjensler for kysten. Ho gjer songane til sitt eige og verka så ekte og havet blir svært «Så skimrande». Det er vakker og nært. Stemninga er roleg og god, men vi streva litt med å bli hekta på.

Topp Stemning

Men i andre avdeling skrur ho opp energien og stemninga stig mot taket. Då er det Waterloo og 70-tallsdisco som tel. For ein vegg av glade massive rytmer! og til ein så glødande og suveren artist! Skikkeleg feststemning! Tre låtar av Donna Summer med eit skikkeleg høgdepunkt med Last Dance. Suverent med skikkeleg diskolys!

Også dei instrumentale titlane var knytt til det maritime og noen marsja måtte til. British Sea Song, Mariner´s hymn, In the Navy, Anchors Aweigh og ein låt frå filmen Operasjon Sjøsprøyt. Musikarane leverte på høgt nivå og lyd og godt lysarbeid satt som det skulle.

Steinar Døvle gjorde ein fin innsats både som musikar og konferansier. Det blei ei feststund som Kystvakta fortener!

EKTE: Maria Haukås Mittet imponerte med sitt mangfaldige uttrykk. Ho gjer songane til sitt eige og verka så ekte og havet blir svært «Så skimrande». Foto: Kåre Torvanger
INNLEID: Fred Glesnes på saksofon var ein av fleire innleide musikarar. Flott med tre saksofonar! Foto: Kåre Torvanger