Festspillene: For dette var ei forestilling med mange burleske forteljingar, humor, overraskingar, ein stram struktur og  ein tydeleg tråd. Og dette er nettopp det vi kjenner Kartellet for. Med sin dans og akrobatikk er dei gode på å få fram forteljingar, få fram det komiske og uventa, men også det inderlege og alvorlege.

Det var eit klokt grep å engasjere Anders Eriksson. Han stod for ein svært fornøyeleg tekst. Den hadde ikkje så liten dose med høgtidleg sjølvironi og vart levande og tydeleg framført på dialekt. Skodespelar Alexander Rindestu gjorde her ein strålande jobb som forteljar. I tillegg har Anders Eriksson saman med dansaren Sigurd Heide vore med på å få fram ei mangslungen forestilling med stram regi som aldri tillèt nokon dødpunkt.

Nordnorsk

For dette skulle bli ei fartsfylt scenisk forteljing om kva norsk musikk er med klår forståing om at musikk og dans er to sider av same sak. Og slik vart det. Men vi skjøna straks at her hadde dei teke seg kunstnarisk fridom både når det galt korrekt historie og kjeldebruk. Derfor var det langt frå ei tørr historie som vart formidla og ekstra gledeleg var det med nesten berre nordnorske eksempel.

Samanhengen mellom dans, musikk og det militære vart fleire gonger understreka.

Med vakre naturbilete til bakrunn hørde vi til opning ein lur spele ei strofe medan ein trompet ei anna, - som likna. Den var kjent. For straks etter tok heil korpset over med Valdres marsjen der strofa var henta frå.  Flott!

Presisjon

Påverknaden frå folkemusikken vart vist også i dei andre musikkinnslaga. Ikkje minst komponist Ole Olsen frå Hammerfest og forsvarets første musikkinspektør tok i bruk folkedansar. Ja, til og med joik var han ein av dei første til å bli inspirert av.

Divisjonsmusikken framførte som vanleg med høg kvalitet og presisjon under sikker leiing av Alexander Hanson.

13. regimentsmars var likevel tukla med der moderne rytmer og felespel var putta inn.

Den kjente, energiske felespelaren Erlend Viken var nemleg med i fleire opptrinn. Særleg vakkert var det i bryllaupsmarsjen der brudefølgjet kom marsjerande gjennom salen. Det var i det heile eit spennande og morosamt opptrinn med mykje moro og spenstig dans. Artigst var det når brura kappspelte på baryton med fela i stubbedans.

Artig var det også når militærgutane måtte lære seg takt og tone. Det var då valsen kom til landet. Men presisjonen var ikkje god før dei fekk geværa i hendene. Alle vart vel skikkeleg forundra då 10 uniformerte frå drillkorpset til Hans Majestets Kongens Garde framførte ein presis og majestetisk drill. Snakk om overrasking!

Kartellets to dansarar stod likevel for høgdepunktet då dei mot slutten akrobatisk og dristig framførte fleire hallingkast. - For når Garden er borte dansar Kartellet på bordet! Og det var nettopp det dei så imponerande gjorde.

At ekstranummeret var til Brigade Nord og heitte Vilje til seier, må ein fritt få legge i kva ein vil. Men det passa jo veldig godt no det ser ut til at FMKN skal bestå!

Forestillinga viser at korpset er ein betydeleg bidragsytar til kulturen i landsdelen! Bravo!

Kåre Torvanger