Anders Eriksson har nemleg lenge ønskt seg ei spesiell forestilling til ILIOS-festivalen. Men med dei økonomiske rammevilkåra han har å rutte med, let det seg ikkje gjere. Dette har komme Utsi for øyre og sidan Festspela har litt romslegare økonomisk handlerom, har ho greidd å få denne spesielle forestillinga til Festspela. Så det blir opningsforestillinga kl.18 under årets festspel.

Den handlar mellom anna om song under vatn, så ei naturleg gåve til leiaren for ILIOS i første omgang var ei dykkermaske. Både blomster, dykkermaske og ikkje minst sjølve gåva vart godt motteke.