Jubileumskonserten var delt i tre avdelingar. Inn imellom fekk jubilanten gåve frå Festspela og ILIOS-gründarane Kirsten Monique Jensen og John Lien vart intervjua. Publikum fekk også eit glass med italienske bobler så dei kunne vere med å skåle for 25åringen.

I den første avdelinga var utøvarane messingblåsarar og slagverkarar frå FMKN. Her fekk vi høyre den mest iøyrefallande musikken. Det var gjort eit poeng av det skulle vere dansk og norsk musikk sidan gründaren Kirsten Monique Jensen har gjort danske av seg og har jobba der sidan før årtusenskiftet.

Kvalitet

Derfor var den danske dirigenten, Niels-Ole Bo Johansen, engasjert.  Den danske Vagn Holmboe’s Concerto for brass, op. 157 kjente han godt og han skapte et klart og ryddig musikkuttrykk for dei tre satsane. Musikken er i neoklassisk stil og setter harmoniske og rytmiske krav til musikarane noe dei greidde på ein klangleg og presis måte. Då var det lett å få glede av dei fine musikalske kvalitetane i verket.

Det same kan seiast om Henrik Ødegårds praktfulle «Fanfarer» med musikk basert på militære signal frå Telemark. Dette var eit populært verk for særleg trompetistane, for noen av desse signala brukar dei med jamne mellomrom. Verket er skrive for 10 musikarar, men Bo Johansen har fått arrangert det om til 13 som passar besetninga for FMKN. Ødegård nyttar mellom anna naturtonerekka når han set dette verket saman til ei blanding av folkemusikk, militærmusikk og kunstmusikk. Dei fem satsane er fine kontrastar i stemningar og uttrykk. Klangen er fin men litt tørrare enn slik vi er vandt med FMKN i storsalen.

Lang tone

Etter gåver, intervju og skål, blir publikum bedt om å snu stolane for då er det scenebytte. Her er det dei tre tubaistane i trioen Microtub får slippe til. Dei har spesialbygde instrument til å utforske musikk fra et mikrotonalt perspektiv. Tre store instrument som spelar på ørsmå mikrointervall. Det krev skjerping om ein ikkje skal oppleve denne avdelinga som noe anna enn ein einaste lang tone. Det må også vere ganske krevjande for musikarane å spele på desse små ulikskapane i tonehøgde og klang. Tonen sette seg i kroppen og noen av dei som gikk opplevde kanskje dette noe ubehageleg.

Stusseleg

Det var ein glidande overgang til duoen Skrapa. Der var det også ein tubaist i aksjon. Men i likheit med ho som spelte på keyboard, var ho svært aktive med elekronikk. Dette er musikarar frå ein yngre generasjon som fryktlaust blandar akustiske uttrykk med sampling, støy og andre digitale effekter. Det er uvande og nye uttrykk. Men det er muleg å finne meining i den stadige forandringa i musikken, utøvaranes kroppslege rørsler og ei stadig skiftande lyssetting. Alt virka improvisert og manipulert og tubaens og songstemmas naturlege klang er vanskeleg å skjelne. Det er likevel ikkje vanskeleg å merke seg at dette er seriøse og dyktige musikarar som driv med kunst som kanskje har meir framtida for seg.

Det var ikkje så mange som sat igjen heilt til slutt og ingen konferansier som takka av. Så det var ein noe stusseleg avslutning på ei jubileumsforestilling.

FAKTA

ILIOSKONSERT:

Bobler (støy) og brass

FMKNs messingblåsere

Niels-Ole Bo Johansen, dirigent

Trioen Microtub: tubaistane Robin Hayward, Peder Simonsen og Martin Taxt.

Duoen Skrap: Heida Mobeck, tuba og elektronikk

Anja Lauvdal, keyboard og elektronikk

ILIOS-gründerne Kirsten Monique Jensen og John Lien

Nils Mehren, intervjuer

Anders Eriksson, konferansier

Nordic Hall

Laurdag kveld

Publikum: ca 80