Daniel Herskedal har fleire cd-produksjonar bak seg i eige namn og settet på konserten var henta frå dei to siste, Slow eastbound Train(2015) og The Roc(2017). Herskedal har samarbeida med arabiske musikarar og vore på turnéar og studiereiser i Midtausten. Musikken hans er tydeleg inspirert av desse musikalske møta. For dette har han vekt internasjonal oppmerksomheit.

Tog

Tuba og noe så uvanleg som basstrompet er instrumenta hans og dei høyrer naturleg til i dei nedre register. Men som utøvar utnyttar han heile registeret og har ein spelemåte som får fram klangar og uttrykk som lett let seg assosiere med musikk frå austre middelhavsområde. Tonalt nyttar han seg ofte av ulike arabiske skalar – gjerne med dobbel betydning slik som Hijaz Train Station og Thurayy a Railways. At det også handlar mye om tog, hevdar han er tilfeldig. Som eit tog i fart har også mange av låtane hans eit statisk preg.

Perkusjonisten, Helge Andreas Norbakken, bidrog mye til det. The Krøderen Line var også tileigna han sidan han er iferd med å skaffe seg togsertifikat. Han skapte ofte ei massiv klang- og rytmekulisse i ei latinjazz- eller arabiskinspirert rytme. Gjerne i stressande kontrast til melodiens lange linjer. Han har eit stort arsenal av instrument og spelte på eit vidt spekter av klangar og rytmer, tjukt og tynt. Herleg å oppleve!

Ostinat

Pianisten Eyolf Dale er dyktig og hadde noen nydelige improvisasjoner i ulike stilar samstundes som han bidrog harmonisk og melodisk til Herskedals mjuke og vakre tone.

Musikken til Herskedal er ofte ostinatbasert noe som kom tydeleg fram i den nydelege The Mistral Noir der han loopa seg sjølv. Repetisjonane skaper eit statisk preg og det er berre å lukke auga og nyte melodilinjas improvisatoriske preg.

Konserten strekte seg ein halv time utover oppsett tid og då begynte å bli nok i alle fall for meg.

BASS: Tuba og noe så uvanleg som basstrompet er instrumenta til Daniel Herkedal. Foto: Kåre Torvanger