Konserten med Leagus onsdag kveld både overraska og skremte. Lydkulisser som ein ikkje venta på ein jazzkonsert skapte undring, men forventninga om ei musikalsk blanding av pop, støy, improvisasjon, ny musikk og samisk kulturarv stemte.

Det er i møtet mellom pianist Herborg Rundberg fra Kåfjord i Nord-Troms og gitarist Kristian Svalestad Olstad fra Jessheim at denne grenselause musikken oppstår. Herborg Rundberg har lenge vore oppteken av samisk musikk og har gjeve ut ei soloplate med pianomusikk inspirert av sjøsamisk salmetradisjon. Olstads interesse for improvisasjon og utvida gitarteknikk og stil har også resultert i eiga soloplate.

Saman har dei utvikla eit moderne og eksperimentelt uttrykk. Det spennande her er at samisk tradisjon har fått ei stemme som går i ei ny og unik retning. Leagus gav sist haust ut «Lea Áigi» der denne musikken blei presentert. Naturleg nok var «låtane» på konserten henta frå denne cden. Her har dei også med seg Christer Jørgensen på perkusjon.

Konserten begynte med «Le Og Dus» og slutta med «Áigi». – to rolege låtar med eit sfærisk og statisk uttrykk av sang på samisk, piano, gitar og mye eksperimentell elektronikk. Det skjer likevel noe heile tida. Det er fint å høyre på.

Låtane blir ikke prestenterte så ein måtte berre ta det som kom. Og ein var innom eit variete uttrykk som smakte både av pop, improvisasjon og jazz, men først og fremst sit ein igjen med eit hovedinntrykk av eit eksperimentelt elektroakustisk lavmælt uttrykk. Men det var også plass til uttrykk så voldsomt at det minner om Stockhausens sinusgeneratorer, støy og klangmaskiner i kontrastrikt volum utan rytme og retning. Mye mer enn det som høres på cden! Bruken av desse elektroniske «sinustonene» slik dei også dannar ei sfærisk kulisse til den rolege «Sálbma» er ny og frigjerande. Det er overraskande vakkert.

At gruppa tek inn denne delen av europeiske samtidsmusikken, gjer dei truleg interessante også utanfor landets grenser.

For det dei gjenskapte på denne konserten er så pass unikt at det er all grunn til å «look to the north»!

SAMISK: Pianisten Herborg Rundberg har lenge vore oppteken av samisk musikk.