Eivør: har en bred musikalsk palett som inkluderer jazz, country, folk, storband, klassisk og trip-hop. Foto: Steve Nilsen Foto: Steve Nilsen

Litt nøling i begynnelsen før det heile går seg til og publikum og scene finner tonen.

Settet bestod mye av stoff ho har laga sjølv, men på denne konserten har ho med seg dei færøyske singer-songwriterne Hans Marius Ziska og Allan Tausen der den eine har bakgrunn frå Grønland. Dermed fell konserten trygt inn under arbeidsuttrykket Verdde Sessions. Der heiter det at målet med dette musikalske konseptet er å stimulere til nye samarbeid og kunstuttrykk på tvers av Arktis – uavhengig av uttrykk og sjanger.

Dei møttes i mai og ein del av stoffet til konserten var skapt da. Derfor blei det ein noe annerledes konsert enn det ho pleier å ha. Det passet fint å begynne med «Bridges»Kåre Torvanger sidan dette var eit samarbeid over musikalske grenser. Og man møter alt her hennas lyse og vakre stemme. Den er svært særprega og det er som om den ber i seg salt og natur frå den verharde øygruppa i vest. Det er hennas varemerke og ein blir imponert kor sikkert og nærmast instrumentalt ho fargelegg det musikalske forløpet høgt der opp. Det gikk igjen i nesten alle låtane hennar. Ho har skapt sin eigen versjon av folktronica der ho miksar jazz, country, folk, storband, klassisk og trip-hop, heiter det i omtalen.

Opp til fleire av låtane hadde aldri vore spelt før så på den måten kan ein seie at prosjektet VERDDE SESSIONS var vellykka. Marius Ziska var den som hadde flest songar med i tillegg til Eivør. Han song dei på færøyisk. Det viste seg å vere nydelege og rolege songar som minte mye om Simon & Garfunkle. Den første låten hans var helt ny og ei vakker ballade og fungerte meget fint med Eivur og Allan Tausen på kor. Også dei andre låtane hans var godt mottekne.

Den grønlanske sjarmøren Allan Tausen hadde ein spesiell synthprega låt på engelsk der heile bandet etterkvart kom inn. Han var tydleg ein humorist og fekk heile bandet til å ta selfie med folket i Storsalen bak seg.

Eivør sin nye song ”I should know you” var inspirert av samarbeidet mellom dei tre og vart også godt mottatt.

Hennar mest særprega song tok ho åleine med berre ei runetromme. Ein blir imponert over kor mykje ho får utav den. Det etniske og folkemusikalske røttene fra Færøyane er ikkje vanskeleg å spore i nydeleg og variert rytmisk og ikkje minst klangleg storleg framføring. Ein anar folkedjup og mektig natur.

Ho er også ein dyktig gitarist, musikarane med henne var dyktige. Litt sure gitarer vart raskt korrigert. Ikkje minst skapte Mikael Blak eit mektig lydunivers med sin synth og vocoder.

Vi høyrer Gjerne Eivør igjen. Ho begeistra og sjølvsagt vart det ekstranummer.

Møte: Eivør hadde et møte med artistene Marius Ziska og Allan Tausen i mai for å forberede denne konserten. Foto: Steve Nilsen Foto: Steve Nilsen