Hakeslipp

Ein Stradivarius frå 1724 – det er det berre dei ypparste solofiolinstar som får spele på. Den verdskjente nederlandske fiolinisten Janine Jansen har spelt på same fiolinen. Ein kan få hakeslipp av mindre. Med mange solistoppgåver med kjente orkester og dirigentar er nok Rosanne ei stjerne som har gått under radaren for mange her til lands. Også introduksjonen i festspelprogrammet.

En utfordring

Derfor var forventningane til konserten var sånn passe. Ein søsterduo på fiolin med sterke musikalske uttrykk innan kvar sin retning; jazz og klassisk. Spenninga er knytt til møtepunktet mellom to sjangre og det er for så vidt ikkje noe nytt. Dei kjem frå Nederland og det er det også knytt ei viss nysgjerrigheit til. To dyktige framstormande lokale musikarar er sett til å akkompagnere noen dei aldri har spelt med før. Absolutt ei utfordring å få med seg.

Fengande

Men det vi fekk høyre var ei glede frå start til slutt. Søstrene viste seg altså å vere topp musikarar på kvart sitt felt og programmet var fint sett saman med fine låtar og linkar mellom klassisk og jazz. Rosanna opna til dømes med ein elegant melodiøs Nocturne av Szymanowski som har spor etter spanske vendingar. Eit stykke komponisten skreiv like etter eit bøsøk i Spania. Utan pause tek Julia over med Chick Coreas superkjente Spain med sitt fengande riff og drivande rytme! Herleg!

Klasse

Dei vekslar mellom klassisk og jazz og spelar dels saman og åleine i begge sjangrar. Og det var ein svært vellykka kombinasjon. Spesielt i ein standardlåt av Yehudi Menuhin og Stéphane Grappelli –kjent som fiolinist i bandet med Django Reinhardt - kom den klassiske spelemåten saman med den aksentuerte jazzstilen spesielt vellykka fram. Også i Bachs dobbelkonsert merkast jazzens pågåande rytme . Den nederlanske pianisten Xavi Torres meistrar både klassisk og jazz like elegant og det var klasse over spelet hans. Også harstadbassisten Stangness og bodøperkusjonisten Kostopolous følgt opp med solid swingande støtte. Sjølv i ein harmonisk svært komplisert Coltranelåt i høgt tempo hang dei fjellstøtt med. Imponerande! Flott at alt er akustisk!

Hektisk

Søstrene hadde ei leikande og uhøgtidleg holdning og skapte dermed avslappa og god stemning. Men høgdepunktet på konserten sette i alle fall meg heilt ut. Fritz Kreislers Introduksjon og Allegro spelte Rosanne med ein klang, nerve og intensitet og sitt eige personleg varme uttrykk så vakkert at det ryste i alle fall meg langt inn i sjela.

– På grunn av eit hektis speleprogram er det verkeleg vanskelig å få treffe min søster, seier Julia og gav Knut-Erik Sundquist honnør og ei stor takk for at dei kunne møtes her. Det er noe vi som publikum sluttar oss til. For denne konserten overgikk alle forventningar og var ei stor overrasking.